Neste gong blir det sirkus-skule!

I sommar blir det dessverre ikkje teaterskule i regi av Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule. Teateret er på flyttefot til Nynorskhuset.

Vi pakkar oss ut av Førdehuset i mai og juni, og etterpå har vi mykje arbeid med å ferdigstille dei nye teatersalane i Nynorskhuset fram mot første framsyning og opning 28. september.

Men vi kan røpe at neste ferie-teaterskule skjer i haustferien i veke 41, og at det då blir sirkus-skule i samarbeid med Fyllingsdalen Teater!

Lene Grande