— Gi meg noko mangetydig og frekt

 

BRANSJETREFFET 2023: Her får du oppskrifta på ein vellukka pitch til påtroppande teatersjef ved Det Vestnorske Teateret, Thomas Bye.

Teater Vestland samlar bransjen i Vestland i to heile dagar. På bildet ser du Thomas Bye under eit framlegg. Alle foto: Heidi Hattestein

Kalenderen viser april 2023, og det er regionalt bransjetreff på Teater Vestland for andre gong i historia. I to dagar held Assitej Norge krasjkurs i smalltalk, nettverking og pitching, og på tampen får deltakarane sjansen til å prøve teori i praksis med å pitche til tre teatersjefar på éin gong: Solrun Toft Iversen (påtroppande teatersjef på DNS), Thomas Bye (påtroppande teatersjef på Det Vestnorske Teateret) og Cecilie Grydeland Lundsholt her på teateret.

— Eg skjelv. Eg veit ikkje om det er fordi eg er kald, eller fordi eg er nervøs, seier Saya Tahir Zahawi.

Zahawi er ei av dei som nyttar sjansen til å pitche. Ho jobbar med alt frå musikkteater til drag og komponering av kurdisk-vestleg pop-fusion, og som del av Teatertrubadurene er ho med og utfyller norsk scenekunst.

Her er Saya Tahir Zahawi i gang med pitchen sin.

Ei anna som også har tatt utfordringa, er Maria Victoria Høvring Høeg. Ho jobbar som scenograf og kostymedesignar i det frie feltet, med tilknyting til Bergen. Ho er utdanna biletkunstnar frå Bergen og Gøteborg, og til sommaren er ho også ferdig utdanna scenograf ved Teaterhøgskolen på KHIO i Oslo.

Begge snakkar om fordelane med å samle så mykje bransjefolk på éin stad.

— Ikkje berre møter vi fleire teatersjefar, men også andre bransjefolk, og alle desse møta kan potensielt resultere i framtidige samarbeid, seier dei.

God stemning på årets bransjetreff.

Ein pitch er ein kort presentasjon av ein person, ein idé eller eit prosjekt. Målet er å skaffe samarbeidspartnarar og gi prosjektet eit vidare liv.

Ein god pitch gjer tilhøyraren nysgjerrig. Pitchen kan vere på alt frå eit par setningar - ein såkalla heis-pitch som du kan dra opp av lomma viss du møter den rette personen på veg mellom etasjane - til maks fem-seks minutt. Det handlar om å spisse bodskapen.

Skil du deg ut? Får du fram kva som driv deg? Slike ting kan vere nyttige å tenke gjennom.

Zahawi og Høeg får seks minutt kvar, på golvet i teatersalen. Framfor seg på benkeradane har dei ein samla bransje. Dei viser begge powerpoint-presentasjonar på storskjerm, men skil seg også ut. Zahawi beveger seg eksplosivt, det lange håret flagrar. Høeg har med seg artefaktar, mellom anna eit gebiss.

Maria Victoria Høvring Høeg har mellom anna med seg eit gebiss til pitchen sin.

Etterpå er begge strålande fornøgde.

— Eg lærte at det slett ikkje er så farleg å presentere min eigen kunstnarskap, seier Høeg skryt spesielt av individuell feedback.

— Eg fann nye, potensielle samarbeidspartnarar og folk eg skal ha i bakhovudet for framtidige prosjekt. Bransjetreffet inspirerte meg til å lage ei Facebook-gruppe som linkar oss og andre scenekunstnarar frå Vestlandet saman. Gruppa heiter Scenekunst på Vestlandet, og det er berre for folk å melde seg på, seier Zahawi.

Bransjefolka blir ønskte velkomne i målarsalen på Teater Vestland.

Då vi i fjor arrangerte teaterets første bransjetreff, spurde vi deltakarane kva som står øvst på ønskelistene deira. «Kompetanseheving», «co-produksjon» og «samarbeid med det frie feltet» gjekk att blant svara. Årets program svarer på ønska frå feltet. Bransjetreffet er for alle som jobbar med teater og dans, både utøvande og skapande, også komponistar, musikarar og forfattarar som skaper for scene.

Assitej Norge, som står bak kurset, er ein medlemsorganisasjon som fremmar profesjonell scenekunst for eit ungt publikum i heile verda.

Ingvild Lien og Theis Irgens i Assitej Norge har tatt turen over fjellet for å halde krasjkurs i to dagar i Teater Vestland sine lokale i Førde, med ein digital forsmak i form av eit marknadsføringskurs i forkant.

Theis Irgens og Ingvild Lien frå Assitej Norge lærer vekk nettverking, smalltalk og pitching.

— Eg trur mange set pris på openheita som Cecilie Grydeland Lundsholt inviterer til gjennom eit arrangement som dette. Også vi i Assitej Norge ønsker dei komande åra å fokusere meir på samspelet mellom det frie feltet og institusjonane. Begge felta sit på mykje kompetanse som den andre har behov for, og bransjetreffet i Førde er eit godt eksempel på kor positive slike møtestader kan vere, seier Ingvild Lien.

Tilbakemeldingane er gode.

— Fleire gir uttrykk for at det er litt uvant å tenke strategisk i forhold til det å presentere og å nettverke, og eg håper at vi har klart å ufarleggjere det litt. Fleire seier også at dei har fått meir heilskapleg kjennskap til andre scenekunstnarar, også dei som dei trudde dei kjende frå før, seier Lien.

Vilde Vengnes i hyggeleg passiar med vår eigen skodespelar Idun Losnegård.

Vilde Vengnes er også på bransjetreff for å pitche, og i tillegg deltok ho på den digitale biten om marknadsføring i forkant. Ho er utdanna frå Nord Universitet og har erfaring frå tv, film, performance og teater. Ho var nyleg med i NRK-serien «Evy og alltid» som den eksentriske emojenta Mailis.

— Det digitale kurset var ei fin innføring i marknadsføring. Spesielt sit 25 prosentregelen igjen hos meg, seier Vengnes og held fram:

— Med 25-prosentregelen meinast: 25% av folk liker deg, 25% av folk liker deg ikkje, 25% av folk liker deg først, men så liker dei deg ikke og 25% av folk liker deg ikkie, men så liker dei deg. Med dette utgangspunktet er tanken at det alltid er best å vere seg sjølv. Å vere autentisk og tydeleg på kva ein vil er viktigare enn å forme seg etter andre.

Dette gjeld også når det kjem til å marknadsføring.

Vår eigen teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i samtale med Solrun Toft Iversen og Thomas Bye.

Så, korleis gjekk det med den der pitchinga? Resulterte den i konkrete planar eller samarbeid framover?

— Kan hende. Truleg. Men ikkje bestemt, er svaret frå påtroppande teatersjef ved Det Vestnorske Teateret, Thomas Bye.

Viss du har planar om å pitche til han, i heisen og elles, kan vi her røpe kva du bør tenke på.

— Eg likar alt som er mangetydig, komplekst, overraskande og frekt. Korleis det vert framført håper eg ikkje har så stor betydning, seier teatersjefen som allereie gler seg til neste bransjetreff.

Heile gjengen på bransjetreffet 2023: Idun Losnegård, Carina Furseth, Saya Tahir Zahawi, Roseane Dos Reis , Maria Victoria Høvring Høeg, Ann-Therese Aasen, Josefine Agathe Hove, Torunn Lødemel Stokkeland, Sigmund Njøs Hovind, Marit Loe Bjørnstad, Vibeke Flesland Havre, Haakon Mustafa Akdokur Smestad, Vilde Vengnes, Sølvi Katrine Andersen og Lars Ove Toft. Kurshaldarar: Ingvild Lien og Theis Irgens.

 
Heidi Hattestein