Vennskap, død og overleving

 
Foto: David Zadig

Foto: David Zadig

Etter gode kritikkar frå både presse og publikum, har Jostedalsrypa no lagt ut på turné i fylket. Jostedalsrypa er ei framsyning som tek for seg tema som vennskap, død og overleving.

Foto: Privat

Foto: Privat

Ein av dei som såg framsyninga i Dale er 13 år gamle Eliot Losnegård og sjølv om mange synst at dei scenene som tok for seg svartedauden er skumle, så er ikkje Eliot heilt einig:

- Eg synst det var meir spennande enn skummelt, eigentleg. Eg fekk frysningar fleire gonger, særleg når vi fekk sjå dei svarte pesthendene, fortel han og legg til:

- Framsyninga for meg handla om at sjølv om nokon du er glad i går bort, så er det ingen som blir heilt borte. Dette kan jo vere skummelt å tenke på, men eg synst det er viktig også.

Historia om Jostedalstypa er ikkje berre skummel. Det dukkar opp både små lemen, ein hare og ein ulv som blir vennane til Rypa og er med på å gje framsyninga humor og glede. Det er likevel hjorten som for mange står igjen som favoritten. Grunna sitt paljettkostyme har mange av barna allereie gitt han kallenamnet «discohjorten». Også for Elliot var hjorten ein favoritt:

- Hjorten er skikkeleg kul. Han er på ein måte som ein bror som hjelper folk til å kome seg vidare, forklarar han.

Når det vert litt skummelt

Men sjølv om ikkje Eliot synst det var så skummelt, så er det nok ein og annan foreldrer som har fått barnet sitt krypande opp på fanget i dei skumlaste scenene. Regissør Torkil Sandsund har eit godt tips til dei:

Foto: Sogn og Fjordane Teater

Foto: Sogn og Fjordane Teater

- Då gjeld det å tørre å sitje på fanget litt til, så blir det snart betre. Det handlar om å komme seg gjennom døden og vere med over til andre sida. Dette passar jo både til framsyninga og til livet generelt, seier Torkil.

Etter fleire av framsyningane har regissør Torkil vore igjen for å prate med barn og ungdom om korleis dei har opplevd det dei har sett:

- Det er utruleg kjekt å høyre kva dei sit igjen med, og at barna klarer å lese det budskapet ein prøver å få over. Men det er like viktig at framsyninga er open og gir rom for ulike tolkningar og refleksjonar, forklarar han.

Ei familieframsyning med viktig tematikk

Regissør Torkil Sandsund meiner at det passar fint å sjå framsyniga saman som familie:

- Tematikken gir rom for å snakke om vanskelege ting ein kanskje elles ikkje ville turt å prate om, seier han.

Eliot er også einig i dette, men synes det er vel så viktig at fleire på hans eigen alder også går og ser «Jostedalsrypa»:

- Ein lærer liksom litt om livet og blir utfordra til å tenke over ting du ellers ikkje ville tenkt på. Og ikkje minst så er det spennande å sjå ei framsyning om svartedauden, sidan det er noko som faktisk har skjedd og noko vi har lært om på skulen. I tillegg så er vi vant til at det på tv og film alltid er dei slemme som som døyr, medan det går bra med dei som er snille. Svartedauden gjorde ikkje forskjell på folk. Det var realistisk og det likte eg godt, avsluttar han.

Tekst: Charlotte Prydz Ottesen






 
Lene Grande