Teaterprogrammet for 2020 er klart

 

I ei tid med store endringar lanserer Sogn og Fjordane Teater eit stødig repertoar for 2020.

Frå og med 2020 skiftar Sogn og Fjordane Teater namn til Teater Vestland. Som turneteateret for alle i det nye fylket får teateret større turneområde og ny logo. Teater Vestland er det teateret i Norge som turnerer mest med store produksjonar på nynorsk, og målet er at endå fleire bygder, tettstadar og byar i det nye fylket skal få høyre sitt eige språk frå scena.

Foto: Thor Brødreskift

Foto: Thor Brødreskift

Teateret kommenterer fylkes-samanslåinga med det humoristiske stykket «Vestland, Vestland», skrive av Finn Tokvam. Framsyninga opnar haustsesongen 2020 og er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket.

Her får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på. På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Odd-Erik Lothe har tonesett fleire nye songar, og Arvid Ones har regien. Framsyninga skal turnere i heile Vestland fylke.

Stor variasjon

2020 er dessutan Bodil Kvamme sitt siste år som teatersjef. I løpet av året byr teateret på ein klassikar av Arthur Miller, norgespremiere på samtidsdramatikk av Roland Schimmelpfennig, avslutning på Håvard Rem sin trilogi om kvinnene rundt Jesus og eit stort samarbeidsprosjekt om barnemusikalen Annie Jr.

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Teateråret startar med Roland Schimmelpfennig sitt nyskrive stykke «100 songar». Stykket tar for seg ein periode på fire minutt og fire sekund, frå folk stimlar saman på perrongen klokka 08.51, og til toget går opp i flammar like etter at det har forlate stasjonen klokka 08.55.

Schimmelpfennig løftar fram historiene til ei rekke tilfeldig forbipasserande. Han er utan tvil ein av dei mest tonegivande dramatikarane i vår tid, spelt over heile verda. I februar blir det norgespremiere i teateret sin blackbox.

Terje Skonseng Naudeer er tilbake på teateret som regissør. Han hadde også regi sist gong teateret sette opp Schimmelfpfennig, i framsyninga «Kvinna frå før».

Endeleg kjem mor til orde

Fram mot påske og inn i den stille veka viser teateret siste del av Håvard Rem sin monolog-trilogi. Dei to første monologane besøkte 39 ulike kyrkjer med over 60 framsyningar, og no står «Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet» for tur i 18 kyrkjer.

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Til alle tider har historia om Jesus blitt fortalt av menn, men i denne trilogien slepp kvinnene til. Først ut var «Juleevangeliet - Miriam si forteljing» i 2016 og 2017. Søstera til Josef, spelt av Idun Losnegård, fortalde sin versjon av det som hende då Jesus blei unnfanga ved guddommeleg medverknad.

I 2018 og 2019 kom «Maria Magdalena - Jesu virke», og vi fekk høyre om frelsaren gjennom kvinna som stod han så nær i vaksen alder, spelt av Reidun Melvær Berge. No kjem «Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet».

Vi går tilbake til kvinna som bar han fram, Maria, spelt av Marit Østbye som også hadde regien på dei to første monologane.

Forskjellige former for utanforskap

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

På tampen av året viser teateret storsatsinga «Frakt under havet». Dette er eit moderne drama og ein tragedie på sitt beste, der forholdet mellom individ, familie og samfunn står sentralt. Handlinga i stykket går for seg blant italienske hamnearbeidarar i New York på midten av 1900-talet. Den frie immigrasjonen til Amerika er stoppa, men nauden i Italia driv likevel mange til å reise over havet for å bli smugla inn.

Stykket er skrive av Arthur Miller. Det er ein av dei store, amerikanske klassikarane frå 1950-talet, men skremmande aktuelt den dag i dag. Det er sett opp fleire gonger i Norge, både på teater og fjernsynsteater. På Teater Vestland blir dette ein storslegen produksjon med sju skodespelarar og to statistar på scena, og med Bentein Baardson som regissør.

AnnieJr._1080x1080px.jpg

Heilt til sist i teateretåret 2020 - som teatersjef Bodil Kvamme si siste framsyning - kjem «Annie jr.». Barnemusikalen blir resultatet av eit samarbeid som skal gå over eitt år. Danseverkstedet i Førde har koreografi, Sunnfjord kulturskule har sanginnstudering og Teater Vestland har regi, lys, kostyme og scenografi. Mellom 80 og 100 born står på scena saman med teateret sine tre faste skodespelarar.

Kinnaspelet blir sjøvsagt sett opp, for 36. gong!I Eventyrrommet i Førdehuset blir det produsert ei rekke iscenesette lesingar og forteljarteater for dei yngste, og nokre av desse skal også ut på turné. Fleire mindre og større gjestespel er også under planlegging, så det er berre å følgje teateret framover!

 
Lene Grande