Regissøren om Tollak til Ingeborg

Foto: David Zadig

«Omgjevnadene mine eit heilt liv. Snart ikkje synlege som anna enn skuggar», seier Tollak i opningsscena. Tida hans nærmar seg slutten, denne novemberkvelden, og no skal alt ut. Etter eit liv utan å snakke skal orda han har hatt inni seg, velte ut som ein svart malstraum og rive med seg alt. Eit pirrande og uimotståeleg utgangspunkt for ei heftig sceneforteljing.

I romanen er det Tollak sitt perspektiv ein høyrer, og alle karakterane vert skildra av han. I sceneversjonen har eg og det kunstarlege laget forsøkt å utfordre Tollak si forteljing med rom, lyd, kroppar og lys. Komponist Selma Stang har brukt Tollak si dotter Hillevi som utgangspunkt når ho har skrive musikken, der anarkisten Tollak tidvis vert omkransa av eit punkinspirerte lydbilde.

Scenograf Milja Salovaara har gitt Tollak ein manesje fylt med sagmugg; alt som er igjen av livsverket, siste rest av Tollak sitt territorium. Dei skarpe lystablåa til Martin Myvold bidreg til å destillere forteljinga.

Eg håper du som ser på i kveld vil gjere som vi; gå inn i forteljinga og sjå om du kan prøve forstå denne stabukken oppi Dalen og kvifor det gjekk som det gjekk, samstundes som du beheld eit kritisk perspektiv til heile fyren. Mellom forståing og kritisk tenking finn du ikkje berre ei djup familietragedie og ei rystande menneskeleg skildring, men òg historia om ei dramatisk kulturell omveltning som vedkjem oss alle, både i by og bygd.

Helsing

Miriam Prestøy Lie, Regissør

Lene Grande