KAVALKADE: Nytt år, nytt hus

 

2023 går inn i historiebøkene som året då vi flytta inn i nytt teaterhus i Nynorskhuset midt i Førde sentrum.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i fantasidrakt i høve opninga av Nynorskhuset. Foto: Espen Nyttingnes

Men vi gjorde mykje anna i løpet av året også, og når vi ser tilbake på det, er det nesten ufatteleg kor mykje vi fekk til! Vi tillèt oss å mimre litt.

2023 starta med Mødrevariasjonar av Lene Therese Teigen. Fire skodespelarar spelte fire roller kvar, til saman 16 roller i ein vev av kjennskap, vennskap og slektskap.

På scena: Oda Alisøy, Carina Furseth, Idun Losnegård og Katrine Lunde Mackenzie. Foto: Espen Nyttingnes

Kven kan vel gløyme dei høge kollane i Christine Lohre sin scenografi?! Mødrene baksa av garde med barnevognene sine over dei bratte bakkane til musikalsk underlag av Tov Ramstad. Framsyninga fekk unisont gode meldingar.

Litt turnedrama vart det også, som venteleg er på svingete vestlandsvegar, då ein bråte med publikummarar vart ståande på feil side av stengd veg under Bømlo-framsyninga.

Video: Jostein Vedvik

Teater Vestland har treft blink: Har skrive seg inn til beinet av det å verte mor.
— NRK

Vårens neste høgdepunkt var familieframsyninga Peter Pan - under den magiske månen av Mike Kenny. Slik har du aldri sett den grønkledde fyren før. I vår versjon plasserte vi dei kjende karakterane på gamleheimen, og historia blei fortalt på barnas premissar. Klesskåpet blei til eit sjørøvarskip, senga til Aldriland, og Tingeling var ei hissig, lita nattbordlampe. Komedien var på turné til grendehus i heile Vestland.

Eg saknar denne evna til å gå ut og inn av leiken og håper eg blir sånn når eg blir gammal.
— Vaksen publikummar

Tre skodespelarar stod på scena - Peder Lauvås, Oda Kirkebø Nyfløtt og Kyrre Eikås Ottersen - og produksjonen var siste ut i den gamle teatersalen. Tusen takk for 45 fine år kjære, rustraude Førdehuset.

Siste nedrigg. Foto: Heidi Hattestein

Midt oppi flyttesjauen laga vi Skogsopplevingar, ei teateroppleving på øyret, med naturen som scenografi. Skogsopplevingar er ein tjue minutt lang podkast som du høyrer på ute i det grøne, og som får deg til å opne auga for både det du kan og ikkje kan sjå. I samarbeid med dagsturhyttene vart opplevinga spreidd til alle kommunane i Vestland og nedover i Rogaland også.

Lydopplevinga er laga av regissør Elisabeth Topp og lyddesignar Eirik Havnes, og tre skodespelarar medverkar: Idun Losnegård, Carina Furseth og Kyrre Eikås Ottersen.

Ingen sommar utan! I juni flytta vi teateret ut på øya Kinn og spelte Songen ved det store djup av Rolf Losnegård i ein scenografi av blått hav og høg himmel. Samarbeidet med Kinnaspelkomiteen er like årvisst som fruktblomstringa, og i år var tredje og siste gong Oda Alisøy hadde regien. Teateret stilte som alltid med fem skodespelarar: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Carina Furseth, Peder Lauvås og Per Bogstad Gulliksen.

Peder Lauvås i rolla som vikingkongen Ramn. Foto: Arne Stubhaug

Rett etter sommarferien starta prøvene på Tollak til Ingeborg av Tore Renberg. Framsyninga opna Nynorskhuset før den reiste vidare på turné med Riksteatret til 65 spelestader. Saman gav vi nynorsk til heile landet!

Vår eigne Kyrre Eikås Ottersen spelte Tollak, og med seg på scena hadde han fire andre skodespelarar: Andrine Sæther, Sebastian Biong, Malene Wadel og Harald Ottesen Nødtvedt.

Foto: Magnus Skrede

Nynorsken har fått ein ny klassikar.
— Jens Kihl, kulturredaktør i BT

Tollak til Ingeborg vann hjarta til publikum og kritikarar over heile landet. I desember fekk Kyrre Eikås Ottersen kulturprisen frå Sunnfjord kommune, dels med bakgrunn i nettopp denne rolla, og spinnville 13.000 såg framsyninga i løpet av året. I januar 2024 kjem den tilbake til oss på turné i Vestland.

Video: Jostein Vedvik

På hausten flytta vi inn i Nynorskhuset saman med NRK Vestland, Firda, Nynorsk mediesenter og Nynorsk Avissenter i det som er landets største nynorskklynge. Språket vårt fekk ein heim. Samstundes kom generøse gåver frå fleire hald som gjer oss i stand til å gå i gang med etableringa av Nynorsk scenespråksenter, og med det blir “ungeflokken” komplett.

Sjølve opninga av Nynorskhuset blei feira i tre dagar med urpremiere på Tollak til Ingeborg i tillegg til eit fullpakka program:

  • Offisiell opning med talar og kulturelle innslag av mellom andre Kvinnekoret Kvitre og Oddvar Torsheim.

  • Nasjonal språkkonferanse med kjende nynorskbrukarar i rampelyset: Ingvild Bryn, Tore Renberg, Erik Ulfsby, Sigrid Moldestad med mange fleire.

  • Linda Eide Språksjov spesial.

  • Endå ei urpremiere: Systrene Bruns teaterbingo.

  • Synne Vo-konsertar både for dei over og under 18 år.

  • Familiedag og opninga av Nynorskplassen framfor huset. Her kom det utruleg masse fine folk, men vi må nesten dra fram Fantorangen spesielt.

  • Gratis lesestund på Scene 2.

  • Kvar kveld var det etterfest med DJ i Røyst mat & vin.

Nesten 4000 små og store tok turen på ulike arrangement. Tusen takk, det gjorde at vi kjenner oss svært velkomne i Førde sentrum.

Foto: Espen Nyttingnes og Heidi Hattestein

Hausten heldt fram med fleire produktive samarbeid. Frå kunstnarleg eksil i nord - medan flyttesjauen gjekk inn i siste fase med blodtåke og møyre musklar her heime - laga vi Torn & Rose i Eventyrland av Cecilie Grydeland Lundsholt saman med Nordland Teater og Teatret Vårt.

Peder Lauvås og Carina Furseth spelte Torn og Rose. I dei andre rollene fann vi vekselvis Idun Losnegård og Linda Brean Mathisen. Foto: Jan Von Holleben

Familieframsyninga tok i bruk AR-briller og ny teknologi på ein måte som aldri før har vore gjort i Europa, og den vart heidra med fleire prisar i løpet av året: NPU-prisen i kategorien «fornyar» og to prisar i VRINN Awards under den årlege konferansen Nordic VR Forum.

Frisk forsmak på framtidens barneteater.
— Rana No

Ungane elska Torn & Rose og gav høglydte tilbakemeldingar frå salen. 5000 såg framsyninga på turné først i Nordland og så i Vestland, og i 2025 skal den på turné med Teatret Vårt i Møre og Romsdal.

Eit sterkt gjensyn med Jenta. Foto: Espen Nyttingnes

På slutten av året tok vi opp att suksessen Jenta med fyrstikkene og spelte den i Nynorskhuset. I vår versjon av H.C. Andersens eventyr gjer jenta opprør, og ho får hjelp av ungane i publikum. Framsyninga vart kåra til “en av årets beste forestillinger” i Norsk Shakespearetidsskrift i 2021, og den var ikkje mindre aktuell i år, får ein dessverre seie, i ei verd der to nye krigar har fått alt på vranga.

Hadde vi hatt ein rørt-målar på Scene 2, så hadde den blåst ut toppen. Her var det ein del julevask på auga, for å seie det slik. På scene stod Carina Furseth, Idun Losnegård og Peder Lauvås, og nypremieren blei feira med masse ungar og open fest i målarsalen. Vi serverte bollar, sjokomjølk og ein pinjata full av godteri. God stemning!

Alt det som er å elske med teater.
— NRK

Fest for Fosse: Mellom anna med diktkonserten Blått Svev med Hildegunn Riise og Benedicte Maurseth. Foto: Lene Grande

Det skjer mykje på teateret også utanom repertoaret.

I løpet av hausten samla vi teater-Norge til NTLF-samling i Nynorskhuset, tilfeldigvis same dagen som det vart kjent at Jon Fosse er årets nobelprisvinnar i litteratur. Fosse vart elles feira til gangs. Vi på Teater Vestland bidrog både med å lese alle teaterstykka hans på sakte-tv og med ein eigen fest i samband med utdelinga (les meir HER).

Vi arrangerte kurs i dialektomlegging for fjerde gong, og i éi veke var Lil’Gorilla Theatre Company på prøverom på Scene 2 med prosjektet Ivar er åwsome. Vi arrangerte sirkusskule for barn og unge i haustferien, og dei heilårige teaterskuleelevane sette opp ein moderne versjon av Askepott & Askeladden.

Lurer du på kva vi utretta året før? Det kan du lese om HER.)

 
Heidi Hattestein