Vi er på jakt etter engasjerte arrangørar

 

Kjært barn har mange namn. Grendehus, bygdehus, samfunnshus, ungdomslagshus, forsamlingshus, bygda si storstove. Ifølge «Huset i Bygda» si årsmelding for 2022 finst det 367 slike hus i Sogn og Fjordane. Dette er som regel private forsamlingslokale som ofte ligg sentralt plasserte i bygda. Innbyggjarane har gjerne sjølve samla inn pengane som var naudsynte for å få husa bygde og innreidde, ofte på dugnad. Tradisjonelt har husa blitt nytta til alt du kan tenke deg: fest, dans, bingo, politiske møte, revy, val, bryllaup og gravferder, private barneparkar og bedehus.

I 2021 oppretta Teater Vestland ei turnerute til nokre av desse husa under namnet «Hus vi er glade i». Fram til no har teateret leigd seg inn og betalt husleige og samarbeidd med ein lokal arrangør, som har fått provisjon av billettsalet. Ofte har arrangøren og bygdehuset vore representert av same person. No er vi klare til å endre på denne modellen, slik at det kan komme det lokale bygdehuset endå meir til gode.

LYS I BYGDA
Er du engasjert i eit bygdehus? Då vil vi gjerne invitere deg til å søke om å samarbeide med Teater Vestland på bygdehusturneane våre.

Det aller beste med samarbeidet? At dei som kjem gjennom nålauget som arrangør får behalde billettinntektene på teaterframsyninga i regi av Teater Vestland i eige bygdehus! Med desse billettinntektene kan husa betale for til dømes vedlikehald, oppgradering av møblar eller teknisk utstyr, eller dei kan subsidiere anna aktivitet i huset, som kurs, bygdefestar, bingo, revy osb.  Grunnen til at bygdehusa kan behalde inntektene er at prosjektet “Lys i bygda” er støtta med midlar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og det gjer at teateret blir kompensert for ikkje sjølv å ha billettinntekter på framsyningane på bygdehusturneane.

Første turneen der vi prøver ut denne modellen er “Vestlandet” av Erlend O. Nødtvedt. Les meir om framsyninga her.
Vestlandet skal på turne i veke 14-18 i 2025. Framsyning nr. 2 er ei familieframsyning som skal på turne i veke 36-40 i 2025.

Samarbeidsmodell

1.      Kvart år programmerer Teater Vestland 2 framsyningar i repertoaret som passar til å turnere i forsamlingshus: éi for vaksne og éi for barnefamiliar. 

2.      Gjennom ei årleg, opa utlysing kan alle grendehus, bygdehus og samfunnshus i Sogn og Fjordane søke om å få framsyninga til sitt hus.   

3.      Dei som ønsker å vere arrangør for Teater Vestland på sin spelestad, sender inn ein søknad der dei fyller inn den informasjonen teateret treng for å vurdere om bygdehuset kan vere arrangør. Søknadsskjemaet ligg på teaterets heimeside.

4.      Teater Vestland vel kven som får tilslag på søknaden. Teateret tek omsyn til geografisk spreiing, tekniske spesifikasjonar, engasjement/ønske om å vere arrangør. 

5.      Avtalen gjeld for 1 år og for dei 2 framsyningane som ligg i repertoaret.

6.      Det er 15 bygdehus som får tilslag på bygdehusturneen.

7.      Førehandssalet går igjennom teatervestland.no, etter ein prismodell som heiter betal-det-du-kan. I tillegg er det billettsal i døra på speledagen. Sjå meir informasjon om prismodellen lenger nede.

8.      Bygdehusa beheld alle billettinntektene etter at billettavgifta er trekt ifrå.

9.      Bygdehusa må dekke eventuell husleige og stille med arrangørar (publikumsvert og berehjelp).

10. Arrangør må samarbeide med Teater Vestland om å marknadsføre framsyningane aktivt, både lokalt og gjennom sosiale media. Teater Vestland produserer marknadsmateriell og distribuerer dette til arrangørane.

11.      Dersom bygdehusa har sal av mat og drikke før eller etter framsyning, organiserer dei dette sjølve og beheld alle inntektene. Aktivitet før og etter framsyning må tilpassast opprigg/nedrigg og lydprøve.

12.     Søknadsfrist er 13. november. Dei som blir arrangørar får tilbakemelding i løpet av desember/medio januar.

 

Betal det du kan

Teater Vestland har eit nytt pris-system på enkelte framsyningar. Det nye pris-systemet inneber at du som publikummar avgjer kva billetten skal koste. Vi har fleire prisklassar du kan velje mellom. Prisklassane er: 150, 200, 250, 300, 350 og ein eigen solidaritetspris på 500 kroner. Ein kan altså velje å betale mindre enn det billetten vanlegvis kostar. Eller ein kan velje å betale meir, dersom ein vil støtte det einskilde prosjektet eller bygdehuset litt ekstra og har moglegheit til å gjere det. 

Spørsmål?

Ta kontakt med Teater Vestland på tlf 909 90 600 eller send ein e-post til ane@teatervestland.no. 


Prosjektet “Lys i bygda” er støtta av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

 
Lene Grande