VESTLANDET

 

Forfattaren Erlend og bildekunstnaren og idesprutaren Yngve køyrer vestlandet rundt i ein nikotingul Toyota Camry. Dei trassar uvêr, ras og stengde tunnelar på ein fuktig tripp gjennom Vestlandets dramatiske natur.  

Som leiemotiv har dei Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggaren frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Dei har eigenhendig stole skallen hans, og no vil dei bringe han heim. På vegen møter dei både levande og døde, spelemenn, separatistar og tobakksbønder, og dei blir forfølgde av skumle embedsmenn frå Austlandet.

Det er ikkje fritt for at det doggar på brillene i denne nærsynte hyllinga av - og harselasen med - det vestlandske sinnelaget. Draum og røyndom glir over i kvarandre i ein hysterisk heisatur gjennom språk og landskap.   


LYS I BYGDA
Vi inviterer alle som har eit bygdehus dei er engasjerte i til å søke om samarbeid med Teater Vestland på bygdehusturneane våre. Det aller beste? Dei som kjem gjennom nålauget får behalde billettinntektene på teaterframsyningar i regi av Teater Vestland i eige bygdehus! Grunnen til at bygdehusa kan behalde inntektene er at “Lys i bygda” er støtta med midlar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og det gjer at teateret får kompensert for å ikkje sjølv å ha billettinntekter på framsyningane på bygdehusturneane. Les meir om LYS I BYGDA her.

Praktisk informasjon:
Billettane til premieren 21. mars 2025 på “Vestlandet” av Erlend O. Nødtvdet i Førde blir lagt ut 20. november.
Billettar til resten av turneen blir tilgjengelege i januar 2025.
Arrangørar i bygdehusa i Sogn og Fjordane kan søke om å få teaterframsyninga til si bygd.
Søknadsfrist er 13. november.


KUNSTNARLEG LAG
Forfattar Erlend O. Nødtvedt 
Regissør Eirik Fauske
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington 
Lysdesignar Eirik Brenne Torsethaugen 
Medverkande Harald Ottesen Nødtvedt, Kyrre Eikås Ottersen
og Madalena Sousa Helly-Hansen