Advarsel: Manglande dobbeltmoral

 

Ønsker du å sette barn inn i verda, slik den er i dag?

«Pusterom» er ei drivande god historie om kjærleik i overflodssamfunnet, og scenografien går hand i hand med tematikken: Ein skulptur av kasserte møblar, laga med så lågt karbonfotavtrykk som mogleg.

Silje Sandodden Kise skrur saman scenografien på verkstaden til Teater Vestland i Nynorskhuset. Foto: Heidi Hattestein

— Eg prøver alltid å lage størst mogleg uttrykk med minst mogleg ressursar, seier scenograf Silje Sandodden Kise.

Anten ved å bruke miljøvennlege materiale eller gjenbruk, eller ved å halde det totalte volumet nede. Tynne trådgardiner frå golv til tak, for eksempel. Svært effektfullt, men tar lite plass i turnébilen.

Scenografimodellen, signert Silje Sandodden Kise.

— Møblane til denne scenografien, som eg har montert på verkstadene i Nynorskhuset, har eg skaffa gjennom nettverk, finn.no og sosiale media. Det er møblar som dei tidlegare eigarane vil kvitte seg med. Nokre av tinga er reelt øydelagde, andre har meir liv i seg. Det er normalen i samfunnet i dag, at vi byter ut ting som framleis fungerer, fordi dei har feil farge eller form. Eg håper «Pusterom» kan vere endå ein liten drope i eit stadig fullare glas, som gjer at vi tenker oss om og kanskje justerer vanane våre, seier scenografen som alltid vel prosjekt ho kan stå inne for.

Fotoa er tatt under byggeprosessen. Lysdesign er ved Silje Grimstad.

“Pusterom” er på turné til grendehus 30.08-28.09.

KUNSTNARLEG LAG

Av Duncan Macmillan
Omsett av Terje Lyngstad
Regissør Jeff Pedersen
Scenograf og kostymedesignar Silje Sandodden Kise
Lysdesignar Silje Grimstad
Koreograf Gareth Taylor
Medverkande Harald Ottesen Nødtvedt og Carina Furseth
Forlag Colombine

 
Heidi Hattestein