Per Janke Jørgensen – ein livslang tenar for musikken

 

Til saman var Per Janke med i over 60 ulike produksjonar ved ulike teater, eit svært høgt tal for ein komponist og musikar. Foto frå arkivet.

MINNEORD: Det er med stor sorg vi har teke imot bodskapen om at Per Janke har gått ut av tida. Det var det han var for oss ved teateret, Perjanke, i eitt ord. Han blei til slutt lekamleggjeringa av det som ein gong heitte Sogn og Fjordane Teater. Per Janke blei tilsett i mai 1977, eit halvt år før den aller første framsyninga ved teateret. Han hadde sitt arbeid der som komponist, musikar og til sist musikalsk leiar, til han slutta i 2017. Ingen har hatt så lang tenestetid ved det som i dag heiter Teater Vestland.

Gjennom sine 40 år ved teateret komponerte Per Janke fleire musikalske nummer enn det er råd å telje. Repertoaret spente frå religiøse hymnar til glitrande musikalperler, smektande viser og jazza låtar. Den musikalske breidda hans var ei fryd for oss alle, og det er ikkje tilfeldig at kabareten som feira han i 2012 fekk tittelen «Absolutt Per». Der fekk vi sjå komponisten og musikaren utfalde seg med innslag frå spelstykke frå ei svært lang og innhaldsrik teaterkarriere.

Husbandet i “Absolutt Per” (2012). Foto frå arkivet.

Men Per Janke var ikkje berre ein meister i å komponere og å spele. Han var ein ven, ein kollega, og ein rettleiar for mange. For mange av dei som blei tilsette ved teateret, var gjerne Per Janke den første dei lærte å kjenne, og den som gav dei ei innføring i teateret sine tradisjonar og verdiar.

Musikalsk oppvaking og tidlege år

Per Janke var fødd i Narvik 9. november 1946. Han vaks opp der, og fekk bokstaveleg talt musikken inn med morsmjølka. Som femåring blei han djupt fascinert av krafta i musikken då han såg filmen «Wonderful Copenhagen» med Danny Kaye i hovudrolla. Heim att komen gjekk han rett bort til pianoet og spelte gjennomgangsmelodien i filmen, til stor overrasking for familien.

Heile familien til Per Janke var arveleg belasta med musikk. Bror hans ein dyktig klarinettist og dirigent, mor hans organist, og far hans var kjent for å kunne spele på nær sagt kva som helst. Det var altså ikkje tilfeldig at Per Janke fann sin plass i musikken. Det var snarare ei naturleg utvikling av det musikalske talentet han hadde fått utdelt.

Utdanninga tok Per Janke ved Musikkonservatoriet i Bergen. Han var i fleire periodar tilsett både ved Hålogaland Teater i Tromsø og Den Nationale Scene i Bergen, før han starta den lange karrieren ved Sogn og Fjordane Teater. Til saman var Per Janke med i over 60 ulike produksjonar ved desse teatera, eit svært høgt tal for ein komponist og musikar.

Ein bauta i musikklivet

Når du spør dei som kjende Per Janke godt om korleis dei ville skildre han, kom uttrykk som fantastisk komponist, godhjarta, profesjonell, allsidig og sosial opp. Gjennom virket sitt bidrog han til å skape arbeidsplassar for andre musikarar, og han utvikla musikk- og teaterinteresse over heile fylket. Det er ikkje få musikarar, amatørar som profesjonelle, i alt frå storband til mindre konstellasjonar, som har hatt gleda av å musisere saman med Per Janke opp gjennom åra.

Då Per Janke Jørgensen og Rolf Losnegård signerte avtalen om Kinnaspelet i 1985. Foto frå arkivet.

Ein arv som vil leve vidare

Det store meisterverket som står att etter Per Janke, er musikken han komponerte til «Kinnaspelet – Songen ved det store djup» av Rolf Losnegård. Han arbeidde på det gjennom første halvdelen av 80-talet, fram til premieren i 1985. Sidan var han kapellmeister under alle framføringane til han gav seg med det for snart ti år sidan.

Du ser Per Janke Jørgensen til venstre i bildet, ved trommesettet. Foto frå arkivet.

Ein produksjon det er verdt å trekke fram, blant alt det vakre han laga, er «Storm frå Nordvest» i 2007, ein musikal bygd på Jakob Sande sine dikt, med libretto av Ragnar Hovland. Her komponerte Per Janke ny musikk til alle dikta. Framsyninga blei ein stor suksess, både blant publikum og hos kritikarane. Jan H. Landro i Bergens Tidende skreiv mellom anna at Per Janke hadde «…lyttet seg inn til både Jakoben og sunnfjordingen, funnet de rette stemninger og gitt dem et variert musikalsk uttrykk». Landro hevda at Per Janke med sitt musikalske bidrag gav heile oppsetjinga eit kraftig løft, og at dei nye melodiane hans raskt fann vegen inn i øyregangane – og blei der.

Takk for magien, takk for musikken!

Per Janke fylte mange roller ved teateret. Ved sidan av å komponere, spele og dirigere, var han jamvel skodespelar no og då. Ei spesiell hending hugsa han svært godt i lang tid etterpå. Det var i 2002, i «Hexene» av Roald Dahl, og Per Janke måtte spele heks, med kjole, høghæla sko og parykk. I følge han sjølv var det ei rolle han tykte særs lite om. Men minneverdig blei det.

Musikken til Per Janke, om han var komponert for teater eller som frie verk, var alltid prega av evna hans til å fange kjensler og formidle dei med stor musikalitet og innsikt. Tankane våre går til dei aller næraste. Takk for venskapen og teatermagien. Takk for musikken. Vi lyser fred over Per Janke sitt minne.

På vegner av tidlegare og noverande kollegaer i teaterfamilien ved Teater Vestland, Terje Lyngstad

Dette portrettet av Per Janke Jørgensen vart teke i 2007. Foto frå arkivet.

 
Heidi Hattestein