Nynorsk scenespråksenter - søknadsportalen er opna!

Teater Vestland fullfører trekløveret 

No opnar Nynorsk scenespråksenter, ei etterutdanning for landets skodespelarar. Nettsida og søkeportalen vart lansert onsdag 2. oktober. Frå før finst Nynorsk Avissenter og Nynorsk medisenter. No fullfører Teater Vestland trekløveret med Nynorsk scenespråksenter. 

— Endeleg ser vi resultatet av fleire års arbeid. Etableringa har fått støtte både frå det offentlege og det private næringslivet, som ser verdien av å styrke nynorsken. Det er ei stor glede og eit døme på synergieffekten av å ha ei nynorskklynge som Nynorskhuset midt i Førde sentrum, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. 


Aldri vore tilgjengeleg i Noreg før

Nynorsk scenespråksenter er eit nasjonalt senter for nynorsk på scena. Senteret tilbyr etterutdanning til skodespelarar frå heile landet, som kan komme hit og bygge og styrke kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialekter. 

Det første kullet på tre skodespelarar startar allereie 10. februar 2025. Dei får tilgang til opplæring som aldri før har vore tilgjengeleg i Noreg. 

— Visjonen til Nynorsk scenespråksenter er å fremje bruken av truverdig og levande nynorsk på norske scener. Det svarer på eit stort behov i bransjen. Undervising i nynorsk og overgang til nyorsknære dialekter er lite prioritert eller fråverande i utdanningane som skodespelarane tek i dag. Med senteret på plass styrkar vi både kulturarven og språkbruken i eit mangfaldig samfunn, seier dagleg leiar for Nynorsk scenespråksenter, Terje Lyngstad. 

Søknadsfristen for etterutdanninga er 3. november. HER er nettsida til Nynorsk scenespråksenter med søkarportal.



Offisiell opning med kake og kaffi 

Onsdag 2. oktober var det offisiell opning av nettside og søknadsportal.

Denne dagen leia teatersjef ved Teater Vestland, Cecilie Grydeland Lundsholt ei samtale med dagleg leiar av senteret, Terje Lyngstad, fagansvarleg Eldbjørg Lognvik og prosjektmedarbeidar Synne Solberg, der dei mellom anna fortalde om visjonen og målet til senteret. Vi hadde og besøk av eigarane til Teater Vestland: ordførar i Sunnfjord kommune Jenny Følling, samt leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, Jakob Nødseth og ikkje minst Sparebanken Sogn og Fjordane ved Johanne Viken Sandnes, som har støtta Nynorsk scenespråksenter med 3 millionar kroner.


Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og dagleg leiar ved Nynorsk scenespråksenter, Terje Lyngstad, var i NrK studio same dagen og snakka om lanseringa:

Foto: Teater Vestland/ Heidi Hattestein
Film: Jostein Vedvik