Teatersjefens appell: Vi må vere modige

 

Her kan du lese Cecilie Grydeland Lundsholt sin appell til små og store på Teaterfestivalen i Fjaler 2024.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt på talarstolen under Festivallaurdag for alle. Foto: David Zadig

“Eg har fått lov til å snakke til dykk her i dag om noko eg er veldig oppteken av, nemleg fridom. Vi her i Noreg lever i eit demokrati. Det motsette av eit fritt samfunn er eit diktatur.

Er det nokon som er fjorten år her? Opp med ei hand! Heilt fram til de vart fødde, gjekk pila i riktig retning. I 2010 hadde 50 prosent av alle land i verda blitt demokrati, og 50 prosent av landa var diktatur.

Korleis trur de at det står til med den prosentdelen i dag? I 2021 var tala 70-30. Det vil seie at 70 prosent av landa i verda var diktatur, og berre 30 prosent var demokratiske, frie land. Så fridom er noko vi må passe på. Det er vårt felles ansvar og ikkje noko vi kan ta for gitt. Korleis skal vi gjere det?

Er det nokon her som har sett Pinocchio? Der er det ein karakter som heiter Timmy Grashoppe, og han er Pinocchio sitt samvit. På same måte som Timmy minner Pinocchio på kva som er rett og gale, så er det ein historikar som også heiter Timothy – Timothy Snyder – og han har blitt mi grashoppe. Han har gitt oss nokre ting vi kan gjere for å passe på at landet vårt held fram med å vere eit fritt samfunn.

Timothy ber oss om:

Å vere så modige som vi klarer. Kor modige klarer vi å vere til dagleg? Tør vi å seie ifrå når noko er urettferdig? Tør vi å seie ifrå når vi er einige? Eller når nokon andre gjer noko som er gale? Eg driv og øver meg.

I går for eksempel, sat eg på ein parkbenk her i Dale og skreiv på denne appellen om å vere så modig som eg klarar. Ei dame med ein hund gjekk forbi. Hunden bæsja i ein hage. Dama tok opp ein pose frå veska si og såg seg rundt. Ho såg ikkje meg, og så valde ho å ikkje plukke opp bæsjen. Eg sat der på benken og skreiv på denne appellen som eg stressa sånn med at skulle bli bra – og den skulle handle om å vere modig – og så tenkte eg: Har eg tid til å seie ifrå til ho med hunden at ho må plukke opp bæsjen?

Vil ho bli sint? Då vil ho kanskje synes at eg er teit, kanskje ho vil bli sur. Og så seier ho til alle andre at eg er sur, den sure teatersjefen som blandar seg i alt. Så eg… torde ikkje å seie ifrå. “Hei du!” skulle eg ha sagt. “Så fin hund du har” kunne eg ha sagt. For Timothy seier også at vi må behandle kvarandre med respekt og vere hyggelege. Så vi treng ikkje rope: “Hei du! Plukk opp bæsjen!” Eg kunne berre ha sagt: “Eg trur kanskje hunden din bæsja.”

Plukk opp bæsjen. Tre små, modige ord som vart for store til at eg klarte å seie dei. Så eg må fortsette å øve meg på å vere så modig som eg klarer. I går torde eg ikkje å seie ifrå. Eg tok meg ikkje tid til å seie ifrå. I dag skal eg øve meg igjen.

Timothy ber oss om å snakke sant. Og akkurat no i verda vår er det mange som ikkje snakkar sant. Som lyg litt her og litt der. Donald Trump som vil bli president i USA, for eksempel. Han lyg masse. Han lyg så mykje at eg ikkje eingong trur på det han seier, når han snakkar sant. For å passe på det frie landet vårt kan vi passe på oss sjølve og at vi ikkje spreier løgn. Visste de at negative ting spreier seg ti gonger raskare enn positive ting på sosiale media? Det vi kan gjere er også å publisere eller like den posten som seier “eg tok feil”. Den veit vi at er sann!

Timothy ber oss om å stemme når det er val. Mange av verdas diktatur er faktisk stemt fram. Det mest kjende eksempelet på det er Hitler. Han vann valet i Tyskland i 1933. Og på same måte som eg må øve meg på å seie ifrå til ho med bæsjehunden, så må vi øve oss på å stemme. For eksempel kan de øve ved skuleval. Og de kan minne dei vaksne på å stemme. Neste gong de høyrer ein vaksen klage på ein norsk politikar – lokalt, regionalt eller nasjonalt – så spør: Stemde du ved valet? Hvis dei svarer “ja”, så er det greitt. Hvis dei svarer “nei”, så sei til dei at då kan dei ikkje klage dei neste fire åra. Og viss dei vaksne seier “eg veit ikkje kven eg skal stemme på”, så kan du seie: “Stem blankt!”

Til slutt ber Timothy oss om å småsnakke med folk vi ikkje kjenner.

Og tenk litt over den siste der. Kvifor er det å småsnakke med folk vi ikkje kjenner så viktig for å ta vare på fridommen? Jo, for i eit diktatur tør ikkje folk å snakke saman. I eit diktatur tør vi ikkje å sjå framande inn i auga og slå av ein prat. Difor, seier Timothy, er noko av det viktigaste de kan gjere kvar dag å tore å sjå dei de møter på gata inn i auga og seie “hei”. Smile til nokon de ikkje kjenner. Å velje den kassa i butikken der det er folk, ta ut øyreproppane eller airpodsa og slå av ein prat. For i eit diktatur sluttar folk å småsnakke fordi dei er redde og ikkje stolar på kvarandre.

Den som sovnar i eit demokrati, vaknar opp i eit diktatur. La oss gjere vårt for at Noreg ikkje skal bli ein del av statistikken over frie land som no har blitt diktatur. Kvar gong de vel å seie ifrå når noko er urettferdig, eller når de helser på nokre de møter, eller når de fortel sanninga, så er de med på å ta vare på fridommen vår. Som Timothy Snyder seier, og slik Timmy Grashoppe er Pinocchio sitt samvit, kan vi alle gjere noko for å beskytte fridommen ved å vere modige, snakke sant, stemme ved val, og fortsette å småprate med folk rundt oss. Og her på teaterfestivalen er det masse folk vi ikkje kjenner, så det er eit strålande høve til å vere modige og øve oss.

Tusen takk for meg.”

Tema for årets festival, den tolvte i rekka, var «fridom». Foto: Heidi Hattestein

Teater Vestland er stolt bidragsytar til Teaterfestivalen i Fjaler. Vi bidrar både med utstyr og til det kunstnarlege programmet.

I år vart alt av stolar, som ikkje er bolta til golvet i Nynorskhuset, køyrde til Dale saman med diverse anna utstyr. Bortimot to lastebillass.

Vi synte «Pusterom», stykket som i skrivande stund er på bygdehusturné i Vestland. Og vi samarbeidde om å skape «Rand Ensemble» med vår eigne Idun Losnegård og «Brochmann 1936» med vår eigne Kyrre Eikås Ottersen.

I tillegg sende vi teatersjefen vår til Dale for å halde appell på Festivallaurdag for alle og dessutan leie levande podkastinnspeling av Radio Fjaler.

Radio Fjaler live. Frå venstre scenograf Silje Sandodden Kise, regissør Rebekka Nilsson og regissør Øyvind Osmo Eriksen og vår eigne teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. Foto: Heidi Hattestein




 
Heidi Hattestein