Fest på lokalet!

 

Ei forteljing om menneska

Kanskje var du ung den gongen, då krigen nett var over, kanskje var du ung i eitt av tiåra som kom etter. Kanskje har du dine eigne minne frå ein laurdagskveld med dans og musikk, der kinn blussa raude av både haustvarmen og flørten. Historia i På Lokalet startar etter krigen, før ensemblet reiser gjennom både tid og stil heile vegen fram til 1987. 

- Dette stykket er ikkje berre ein dansekavalkade, det fortel også historia til menneska, og til det norske samfunnet. Det er like mykje teater som dans. Dette fortel koreograf og regissør Arne Fagerholt, orkdølen som står bak manuset til På Lokalet. Ideen til prosjektet kom frå teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Bodil Kvamme, og saman med scenograf og kostymedesignar Dordi Strøm, har dei freista å setje seg inn i den lokale tradisjonen for at detaljane skal sitje. 
- Grendehusa i Sogn og Fjordane er sjølve utgangspunktet for stykket. Vi har sett på alt frå dansestilen til musikken som vart spelt. Alle utøvarane har fått opplæring i gangar og øver på å få til nyansane i Vestlands-swingen, forklarer Fagerholt. Han lovar alt frå folkedans til swing, og mange andre dansestilar før framsyninga er omme. Regissøren håpar også at På Lokalet vil hente fram minne hos både gamle og unge i publikum, ikkje minst gjennom dansen og musikken, som alltid har ei eiga evne til å sleppe nostalgien fri.
- Dette vert ei underhaldande og morosam framsyning, som eg verkeleg gler meg til å vise fram på ungdomshusa i fylket. Og ja, det blir sjølvsagt åresal som ein del av alle framsyningane, avsluttar Fagerholt.

Den aller viktigaste dansen

Ein sentral gjennomgangsfigur i denne framsyninga, kjem til liv gjennom skodespelar og bluesvokalist Idun Losnegård. Idun vaks opp i Holmedal, og tenkjer tilbake på samfunnshuset som inngangen til ei anna verd.
- Eg hugsar samfunnshuset, som vi kalla det, særleg for 17.mai. Det var det som var 17.mai! Då eg var konfirmert, var det ei stor hending å gå på dans på ungdomshuset. Det var ulideleg spennande å skulle komme seg innanfor dørene, og då var det om å gjere å bruke kreativiteten. For det er ikkje berre lett å lure seg inn på ein fest der alle i bygda er med. Når ein først var inne, var det ei heilt ny verd som openberra seg. Der herska det andre lover og reglar enn på utsida, så det var viktig å late som en visste korleis ein skulle te seg. Det var ei bratt læringskurve, men det gav også ei tydeleg kjensle av å tre inn i de vaksne sine rekkjer, mimrar Losnegård.
Losnegård, som er skodespelarutdanna i London og bur i Stongfjorden, synest det vert altfor lite dans no som ho er vaksen. Ho meiner det er færre arenaar for dette no enn før, og at den gongen dukka alle opp når det var dans – for slik var det berre. Idun hugsar tilbake på den finstemde mekanikken som bestemde om det vart ein vellukka kveld på samfunnshuset.
- Det gav ein heilt eigen status å vere ein god dansar på slike kveldar. Det er sexy å kunne danse swing! Gutane som ikkje var så flinke til å danse swing datt fort igjennom, for vi jentene ville danse med dei som visste kva dei dreiv på med. Og så var det den aller viktigaste dansen, slow-dansen på slutten. Det var då ein såg resultatet av kvelden – ein måtte vere på dansegolvet i det siste songen strøymde ut i lokalet, fortel Losnegård.

Ein skatt i samfunnet
Vidare fortel ho om kjensla av at det nok er mindre aktivitet i ungdomshusa i dag enn det var i tidlegare år, og at ein såleis misser ein viktig møteplass for bygdene. Losnegård vil likevel trekke fram, og rose, alle dei dyktige ungdomslaga og menneska rundt i fylket som er flinke til å fylle lokala sine med liv og aktivitet. Og det å skulle stå på scena nettopp i desse historierike samlingshusa, ser skodespelaren fram til. 
- Det blir utruleg inspirerande å spele det som faktisk vert eit stadspesifikt teater - altså å bruke lokala slik dei er. Vanlegvis set vi opp masse kulissar og riggar til i idrettshallar og liknande rundt i fylket. Målet er å ta deg vekk frå der du er og inn i en ny verd. No er kulissen sjølve lokalet. Eg syns også det er fint at vi kan ta ungdomshuset på alvor og løfte fram denne skatten i samfunnet. Og så trur eg det er nyttig å sjå lokala med friske auge - å oppdage dei på nytt på et vis, avsluttar Losnegård. I ensemblet får du i tillegg til Idun Losnegård møte mellom andre Anette Stokke og Christer Tornell, begge kjende frå TV-programmet Skal Vi Danse. Sogn og Fjordane Teater håpar du vil ta imot invitasjonen og bli med oss på dans, dette vert ein festkveld for minnebøkene!

 

 
 

 

 

 
Lene Grande