Yogakrigen - workshop

Ingrid-Jorgensen-Dragland.jpg

Det er veldig fint å få mogelegheiter til å jobbe med fullt cast på denne måten og sjå korleis teksten lever i rommet. Kanskje i særleg grad når all dialog i "Yogakrigen" er indre stemme. Det er ikkje ein realistisk tekst sidan skodespelarane speler ut tankane sine verbalt i staden for å ha reell dialog. Det som var interessant for meg å sjå var at det finns eit spennande rom i teksten der ein ikkje er heilt sikker på om det er direkte tale eller indre dialog, dette spenningsfeltet var eg ikkje merksam på før eg såg det på scena.

Det var ei gåve å sjå skodespelarane fylle rollene men også påpeike svakheiter i rollefigurane sine som eg kan ta med meg vidare i skrivinga mi. Regissør og koreograf fann også ut måtar å løyse teksten på scenisk som opna den og gav den fleire mogelegheiter enn eg visste om, eller hadde tenkt meg til. Eg har og fått ein mogelegheit til å vise fram teksten min slik at det forhåpentlegvis er mogeleg å sjå at dette stoffet kan bli ei reell framsyning. Erfaringa frå dette prosjektet var at eg ser at denne teksten er i stand til å bli levande på scena og at rollefigurane lever og at vi har lyst å vite meir om dei, då er det inspirerande å skrive vidare på deira historier og gjere dei skarpare.

Det betyr verkeleg mykje for meg som fersk dramatikar å få ein slik sjanse. Eg har ikkje fått sett opp noko stykke endå – då eg primært er skodespelar. Den erfaringa eg skriv utifrå er skodespelarerfaringa og eg og skriv utifrå karakterane, ikkje nokon overbyggande historie. Eg synest det er interessant å sjå om det som skjer i rommet er nok til å fortelje denne historia. Dette gir meg og ei mogelegheit til å få sett opp stykket som ein oppsetjing. Eg blir gjerne med på eit liknande opplegg igjen. Det er inspirerande og gir meg påfyll og mat til å fortsette skrivinga og utvikle dette stykket.

Eg var glad for å komme til Sogn og Fjordane Teater og få jobbe med desse bra folka i Førde. Eg trur det er smart å jobbe på denne måten når ein utviklar nye tekstar. Utifrå min erfaring med å jobbe med ny dramatikk som skodespelar, der ofte mykje av prøvetida går med på å løyse teksten og at ein ofte lita tid til sjølve arbeidet som skodespelar, gjer denne måten å jobbe på prosessen lettare når ein kjem til ein reell produksjon og ein har løyst mange ting i forkant. Det er ein meir organisk prosess, slik at regissør, koreograf, dramaturg og dramatikar saman med skodespelarane utviklar i større grad i lag og det er bra! At flest mogeleg er med og får eigarskap til prosjektet!

Ingrid Jørgensen Dragland