Teateråret 2019 er klart!

 
 

2019-repertoaret ved Sogn og Fjordane Teater er basert på store og inderlege draumar, men også ein og annan tilfeldigheit. Det blir gjerne slik, når ein skal legge ein såpass stor kabal.

Sogn og Fjordane Teater har 7 framsyningar på programmet, og fire av desse er eigenproduserte. To av dei er nyskrivne, på nynorsk, med urpremiere i løpet av året. Ein av framsyninga har 400 år gamle tekstar som er omsett til nynorsk. Framsyningane spenner frå familiemusikal til monolog. Nokre av landets beste dramatikarar kjem tilbake til oss, og gode samarbeid gjenoppstår.

To av framsyningane er laga i samarbeid med høvesvis Hordaland Teater og Riksteateret/Haugesund Teater: Engelen frå Kobane og Georgs magiske medisin. I tillegg blir det masse aktivitet på Eventyrrommet, og sjølvsagt skjer sommarens vakraste eventyr - Kinnaspelet. I år er det Florø si eiga Oda Alisøy som tek over stafettpinnen som regissør!

Unge historier

Sogn og Fjordane Teater er stolte av å kunne seie at fellesnemnaren i 2019 er dei som nett har begynt på livet. Gjennom framsyningane våre får publikum møte barn og ungdom som er utsette for omsorgssvikt, som søker etter ein identitet og som har vilje og mot til å utfordre det beståande samfunnet.

Her er nokre av dei unge historiene som vert løfta fram på repertoaret i 2019:

I familiemusikalen «Jostedalsrypa» lar vi oss inspirere av fylkets kanskje mest kjente segn, om jenta som overlevde Svartedauden og måtte klare seg åleine gjennom vinteren. Dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar har dikta vidare på historia, og Torkil Sandsund har regien. Dei har laga ei eventyrleg og magisk musikalsk verd med ei tøff og heltemodig jente i spissen. Det heile er pakka inn i poplåtar som publikum garantert kjem til å nynne på når dei går ut døra.

Også i «Alt det lyse og alt det mørke» er musikken viktig. Stykket handlar om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til slektsledd, og det spesielle er at det blir fortalt frå barnets perspektiv. Det er andre gong regissør Miriam Prestøy Lie lagar teater av ein roman av Brynjulf Jung Tjønn. Sist gong var med brageprisvinnande «Så vakker du er» og Thea Hjelmeland live på scena. No blir det sjangersprengande arbeidet vidareført med bergensartist Selma Frida Stang.

I «Translyria» handlar det om transseksualitet og kjønnsidentitet. Tvillingane Sebastian og Viola er fødde som jenter, men den eine er gut. Kva skjer når familien ikkje klarer å sjå Sebastian for den han er? Regissør Frode Gjerløw har laga ei moderne forteljing rundt fleire av dei kjende Shakespeare-klassikarane. Shakespeare gir ekko heilt fram til vår eiga samtid, der transfobi og krav om å stå fram som «ekte» menn og kvinner legg hindringar i vegen for Romeo-ar og Julie-er. I dette stykket blir den historiske Shakespeare feira, og dagens samfunn utfordra.

Ei stemme for Vestlandet

Sogn og Fjordane Teater jobbar målretta for å vere ei tydeleg stemme i kunst- og kulturlivet i vestlandsregionen. Det er eit arbeid som aldri tek slutt, og vi kjenner oss aldri betre enn siste teppefall.

Teateret ønskjer å vere aktuelle for alle som kjem innom dørene, og tek for seg det som er nært, men ser også ut i den vide verda. Nokre framsyningar er baserte på lokale historier, andre har tema med nasjonalt og globalt tilsnitt. Målet er å underhalde, skape debatt og beint fram gi publikum ei kjensle av å høyre til i ei grend, i eit fylke, i eit land, på ein klode.

- Repertoaret er ein kabal. På bordet ligg mange draumeprosjekt. Så dukkar tilfeldige ting opp, og korta vert snudd. Kabalen har gått opp, seier ein strålande fornøgd teatersjef Bodil Kvamme.

 
Julegåvetips_41.jpg
 
Lene Grande