Turnèrapport frå Nordfjord

 
Frå venstre: Thea Victoria Kvåle Ytre-Hauge, Andrine Gald Myklebust, Cecilie Pleym Lund, Nikoline Samuline, Førde Torvanger, Andris Ødegård.

Frå venstre: Thea Victoria Kvåle Ytre-Hauge, Andrine Gald Myklebust, Cecilie Pleym Lund, Nikoline Samuline, Førde Torvanger, Andris Ødegård.

 

I desse dagar er Sogn og Fjordane Teater på turné med framsyninga «Nasjonal prøve». For dramaelevane frå Firda VGS, som er med som skodespelarar, er dette ei ganske ny tilvære. Vi har sjekka inn med den ferske turnégjengen og fått ein aldri så liten statusrapport.

- Å vere på turné er verkeleg noko heilt annleis enn dei vanlege skuledagane vi elles har, men likevel synest eg vi blei fort vande med dette turnélivet. Det er herleg å endeleg få vise fram det vi har jobba med så lenge, seier Nikoline Torvanger.

Ho får støtte av Thea Victoria Kvåle Ytre-Hauge:

- Ein får verkeleg kjenne på korleis det er å vere skodespelar på ekte, på alle måtar. Det er nytt og spennande!

Riggen er på plass i Operahuset på Eid.

Riggen er på plass i Operahuset på Eid.

Fascinert av publikum

Noko av det som fascinerer dei mest er kor ulikt publikum kan vere frå stad til stad:

-Nokre er stille, nesten som om dei er redd for å le, medan andre er det heilt motsette. Og så er det veldig interessant når publikum reagerer på ting vi ikkje hadde tenkt over at dei ville reagere eller gi respons på, forklarar Nikoline.

-Og så er det ein tydeleg skilnad på det å ha elevar som publikum samanlikna med vaksne. Elevane kjenner seg nok meir igjen i det som skjer på scena og humoren treff dei, medan vi ser at dei vaksne er litt usikre på om dei har «lov» å le, seier Thea Victoria.

Og sjølv om dei stort sett har alt på stell, så skjer det likevel uforutsette ting:

-Vi klarte ved eit uhell å søle ut eit glas med vatn som skulle brukast seinare i framsyninga. Det skapte ein ganske stressande, men også vittig situasjon, forklarar Andris Ødegård.

-Og plutseleg var det ein publikummar som satt seg på scenografien vår rett før vi skulle til å starte framsyninga, legg Cecilie Pleym Lund til.


Rigging og allsang

Men det er ikkje berre på scena ungdommane skal levere. For at det skal bli teaterframsyning, må det mellom anna riggast scene og dette er ein av tinga elevane skal delta i:

-Å rigge scene har vore kjempekjekt! Å jobbe saman som skodespelarar er éin ting, men når vi også riggar saman, så blir det ein heilt anna atmosfære. Det er noko med det å fysisk bygge opp scena vi skal spele på. Det blir meir personleg enn å gå inn på ei allereie ferdigbygga scene. I tillegg har vi fått eit godt forhold til teknikarane, og dei har gitt oss eit godt innblikk i teateret som heilheit. Så vi har verkeleg fått ei skikkeleg turnéoppleving, både framfor og bak scena, seier Nikoline.

Nedrigg på Sandane

Nedrigg på Sandane

Med seg på turné har dei to av teateret sine teknikarar, Atle Øydvin og Odd Magne Herland. Ei av Odd Magne sine oppgåver er å vere sjåfør for dei 12 elevane. Køyreunderhaldninga får han på kjøpet:

-På ein av heimturane blei det allsang i bilen. Ein merkar ikkje noko særleg til dei kor-timane vi hadde i første klasse, for å seie det sånn, ler Nikoline og legg til:

-Vi hadde det i alle fall kjekt, men eg veit ikkje om Odd Magne følte det same…

Vemodig

På fredag speler dei siste framsyning av «Nasjonal prøve» og det er vemodig på både eine og andre måten:

-Teateret gav oss eit innramma gruppebilde av oss i gåve. Når eg fekk det var eg nesten litt på gråten, både med tanke på at dette prosjektet snart er over, men også fordi vår tid på Firda VGS nærmar seg slutten, forklarar Nikoline.

Foto: Espen Nyttingnes

Foto: Espen Nyttingnes

Elevane er takksame for at dei har fått vere med på prosjektet og seier at dei har blitt mykje meir samansveisa som klasse og vennegjeng:

- Ja, vi har nok blitt meir samansveisa, særleg gjennom turneen. Klassen har reist mykje i lag dei siste vekene og vi tilbringar mykje av tida vår, både på scena og utanfor, ilag. Ein kan ikkje anna enn å bli samansveisa då. Desse minna vil vi alltid ha med oss, seier Andrine Myklebust.

Og dei er einige om ein ting:

-Klassemiljøet vårt er mykje betre enn det klassemiljøet som blir skildra i stykket, smiler Nikoline.

Gjengen er klar for framsyning i Stryn

Gjengen er klar for framsyning i Stryn


 
Lene Grande