Vi kan begynne å kalle det ein tradisjon: Teaterskule i feriane

 

På kursets siste dag viste elevane fram det dei hadde lært for eit publikum av foreldre og deira største fans. Alle foto: Heidi Hattestein

I 2022 hadde vi teaterskule i sommarferien og scenekampkurs i haustferien, og no i vinterferien 2023 hadde vi musikalkurs. 

Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule samarbeider om å gi teaterskule til dei yngste. Det begynte med den legendariske fellesproduksjonen Annie Jr. I 2020 og heldt fram med eit tilbod i haust- og vinterferiane. I tillegg har vi fått på beina eit heilårig tilbod om teaterskule, noko som så langt har resultert i to framsyningar: Teams, skrive og produsert av ungdommane sjølve, og Prinsessa som ikkje ville vere prinsesse.

Ein kan trygt seie at det er blitt eit teatermiljø for dei yngste i Førde.

Vi tok ein prat med tre av elevane: Malene Henden Fridtun (15), Liv Gjelsvik Tollefsen (11) og Julian Kongsvik Norevik (11).

— Det har vore veldig kjekt å møte nye folk. Eg kjende ingen frå før, og no har eg nokre som ventar på meg når eg begynner på vidaregåande til hausten, seier Malene.

Dei to hine har vore med på teaterskule før.

— Vi berre venta på at det skulle komme beskjed om at påmeldinga var opna, seier dei.

Musikalkurset innfridde både sosialt og fagleg, meiner dei.

— Eg har aldri dansa så avansert før, og det var nyttig å lære metodar for å framføre replikkar medan ein dansar og har høg puls. Det hjalp veldig å ha med Costello Laptes på flygel, seier Liv.

Laptes jobbar til vanleg på kulturskulen i Askvoll, men hadde tatt turen til Førde for handtere tangentane.

Julian vedgår at starten var litt humpete.

— Eg heldt på å slutte etter første dagen, det var liksom litt vanskeleg å komme inn i det. Men no er eg veldig glad for at eg ikkje gjorde det. Eg får masse energi av å vere her!

— Viss vi ikkje hadde gått på teaterskule, så hadde vi vel berre vore heime og slappa av. Då hadde vi ikkje hatt så mykje å fortelje dei andre om, når vi kjem tilbake på skulen, seier dei.

Og heilt til slutt kom teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt med skryt og Teater Vestland-ryggsekkar i gåve.

 
Heidi Hattestein