Ledige stillingar: Vi søker publikumsvertar

 

Vil du vere med og lage gode kulturopplevingar i lag med oss? Er du glad i teater? 

Vi søker publikumsvertar til splitter nye teaterlokale i Nynorskhuset midt i Førde sentrum. Som publikumsvert er du den første som møter publikum og syter for at dei føler seg velkomne. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Ta imot og hjelpe publikum til rette ved arrangement

  • Billettsal 

  • Noko riggearbeid før og etter arrangement 

  • Syte for at brann- og sikkerheitsforskrifter blir følgde og ha ansvar for evakuering ved behov 

 

Vi ser etter deg som har/er: 

  • Positiv og serviceinnstilt

  • Utadvendt, ivrig og spreier god energi til dei rundt deg, både publikum og kollegaer

  • Liker å samarbeide med andre og finne gode løysingar

  • Fleksibel

  • Trivst med høgt tempo

  • Fylt 18 år

 

Ekstrahjelp-stillingar i 1 års engasjement, hovudsakleg kvelds- og helgearbeid. Teater Vestland har nett flytta inn i nytt teaterhus i Nynorskhuset, og stillingane er under utvikling. Det er difor viktig at du møter med ope sinn.

Send søknad til post@teatervestland.no allereie i dag - eller seinast 1. september! Nynorskhuset opnar siste veka i september, og opplæring vil skje frå midten av same månad. 

 

 

Nynorskhuset 

Landets største nynorskklynge. Teater Vestland deler hus med NRK Vestland og Firda. Vi har to scener på Nynorskhuset: hovudscena og blackboxen. Publikum kjem inn i ein triveleg foaje med restaurant, der det i tillegg er eit lita scena for mindre arrangement. 

 
Heidi Hattestein