Tollak til Ingeborg: Ein kaffikopp som aldri blir vaska

 

SCENOGRAFIEN: Fleire gravemaskingrabbar vil møte publikum i Tollak til Ingeborg, haustens iscenesetjing av Tore Renberg sin roman.   

Modell av scenografien, laga av Milja Maaria Salovaara.

Scenografien og kostyma er skapte av Milja Maaria Salovaara.

— Eg har tenkt biletleg, seier ho.

— Scenerommet er som kaffikoppen på verkstaden, den som aldri blir vaska. Den blir stadig etterfylt med kaffi, og dei svarte rendene blir tjukkare og tjukkare.   

I denne store kaffikoppen symboliserer grabbane livet til Tollak som blei amputert då eit konkurrerande sagbruk nedi bygda tok ifrå han levebrødet. Tida har stoppa opp, og grabbane står der og rustar. Dei har funksjon som to gedigne lampeføter med lyskastarar som belyser Tollaks liv.   

Tollak til Ingeborg forgår i ein manesje. Ein kan også kalle det eit slurvetun; eit tun der maskiner og anna materiell står og rustar vekk, sakte på veg tilbake til naturen. Foto: Stephan Mehl/Riksteatret

I den kaffibrune paletten er det også noko illevarslande raudt. Foto: Spephan Mehl/Riksteatret

Det er ikkje snakk om gjenbruk, for å seie det slik.   

— Skulle vi ha brukt ekte grabbar, hadde dekken blitt så tung at vi aldri hadde kome oss på turné. Grabbane er bygde på Riksteaterets verkstad og er laga av kryssfinér og deretter patinert, seier ho. 

Milja Maaria Salovaara. Foto: Stephan Mehl/Riksteatret

Observante lesarar vil kanskje kjenne att namnet hennar. I 2010 fekk ho Heddaprisen for scenografien til Ibsens En folkefiende, skapt for Trøndelag Teater. Ho stod også bak scenografien til Stort og stygt av Olaug Nilssen på Det Norske Teatret i 2013.    

Tollak til Ingeborg er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteatret.  

Frå arbeidsprosessen. Skisse av Milja Maaria Salovaara.

 
Heidi Hattestein