Dramatikkfestivalen 2019

 
Foto: André Løyning

Foto: André Løyning

Lesing:
«Eg skal fortelje deg om mitt liv»

Dramatikar: Veronika Erstad

«Eg skal fortelje deg om mitt liv» handlar om einsemd og om å søke mot andre. Når er det for seint å få barn? Om å ta valet om å få barn åleine, med all tvil det kan innebere. Kva er det som pregar det livet vi lever, og dei vala vi tek?

Veronika Erstad er oppvaksen i Rosendal og bur i Bergen. Har studert ved Forfatterstudiet i Bø, i Tromsø og ved Norsk Barnebokforfatter (NBI) si forfattarutdanning i Oslo. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga «Eg er så nær morgonen eg kan kome» i 2015, og har sidan gjeve ut fleire bøker for vaksne og barn.


Regissør: Miriam Prestøy Lie
Skodespelar: Idun Losnegård
Scenografisk festivalkonsept: Sir Grand Lear
Produksjonstid: 10 dagar
Iscenesett lesing i samarbeid med Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater
Fotograf: André Løyning

Dramatikkens hus
13. juni kl 21.00
60 minuttar

Visinga er ein del av Norsk Dramatikkfestival som vert arrangert på Dramatikkens hus 13.-15. juni under Heddadagene. Festivalen gir publikum moglegheit til å oppleve tekster av utvalde dramatikarar som representerar notidas tendensar i norsk dramatikk. Velkommen til tre dagar med visingar, seminar, samtalar og gjestar.