HEDDADAGENE 2019

 
FB_logo_Heddadagene.jpg

Heddadagene vert arrangert for tredje gang sommaren 2019. Frå tysdag 11. til tysdag 18. juni kan publikum oppleve meir enn 40 framsyningar i Oslo. 32 scenekustinstitusjonar frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord har gått saman om å lage festivalen, og programmet vert plukka ut av dei kunstnariske leiarane ved institusjonane. Festivalen sitt høgdepunkt er utdeling av Heddaprisen tysdag 18. juni.

15 framsyningar frå resten av landet gjestar Oslo under festivalen, og vertskap for festivalen er 10 teater som har base i Oslo, og som også presenterer eit mangfald av eigne framsyingar. Norsk Dramatikkfestival vert arrangert under Heddadagene, og presenterer ei rekkje nyskrivne teatertekstar.I tillegg vil det bli en rekke arrangementer for publikum i tilknytning til forestillingene, samt et omfattende fagprogram. 

14. og 15. juni vert “Engelen frå Kobane” synt på Det Norske Teatret. Framsyninga er ein samproduksjon mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater. 

Engelen_1249x426 web breidde utan tittel.jpg

ENGELEN FRÅ KOBANE

Engasjerande og hyperaktuelt om kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria.  

I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkledd, kurdisk jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bilde av Rehana vart delte fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane». 

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt har skjedd – og skjer framleis i verda i dag. Rehana vert stilt overfor umenneskelege val i krigen som har skapt vår tids største humanitære tragedie, der halve befolkninga er driven på flukt. 

Engelen frå Kobane» er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykket har vunne fleire prisar og fått strålande kritikkar. 

Original tittel: «Angel» 
Av: Henry Naylor  
Omsetjing: Elise Risnes Eikevik 
Regi og visuelt uttrykk: Miriam Prestøy Lie 
Med: Madalena Sousa Helly-Hansen
Lys: Jon Eirik Sira 
Teaterforlaget Nordiska ApS