EG ER I GÅR

Sogn og Fjordane Teater / Teater Vestland - Eg er i går av Bodil Kvamme

LOKALHISTORIE - URPREMIÈRE

 
 
 
 
 
 
 

«Eg synest at eg er mykje åleine. Men eigentleg er eg vel ikkje det. Dei seier jo at her skal det vere folk heile tida, men for meg, når eg ikkje ser folk, så er det akkurat som eg ikkje kan tru at det er nokon her. Eg er jo ein umulius på den måten, då. Og sikkert på andre måtar og.» Det seier 101 år gamle Alvhild Stafsnes.

Tolv livshistorier frå den siste krigsgenerasjonen blir til èi teaterframsyning. Manus er basert på intervju med Alvhild Stafsnes og elleve andre av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til meir enn hundre. Då dei var små budde dei på gardar som brødfødde dei. Så kom krigen, så kom kjærleiken, så kom ungar, arbeid, slit og glede. Så kom alderdomen og einsemda. Vi institusjonaliserer både barndomen og alderdomen slik at vi ikkje når kvarandre med historiene vi kunne delt. No strekkjer Sogn og Fjordane Teater ut handa til alle generasjonane som kjem etter desse tolv.

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Fleire framsyningar har vore laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der intervjupersonane tidlegare har vore anonyme, står den eldre garden no fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket. Dei bidreg òg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd.

Menneske i svart-kvitt. Det er slik vi ser dei for oss, dei som har levd ei stund og ikkje lenger går så fort framover. I denne framsyninga deler dei rundhanda av erfaringane sine, slik at vi som kjem etter kan forstå kvar vi kjem frå. Denne kunnskapen kan vi i tur dele vidare. Ein vakker dag er det vi som er i går.

 

PRESSEOMTALE “EG ER I GÅR”

“Dei er i går men er her framleis” Teatermelding - Firda

“Varm og vakkert, men sårt” Teater melding - Fjordingen

“Scener fra ei tid som er borte. Eg er i går byr på ein mosaikk av folkeleg glede og vemod” Teatermelding - Dag og Tid

”Alvhild (101 år) si livshistorie har blitt ein del av teaterframsyning “Eg er i går” - Firdaposten (+)

“Fekk livshistoria si på teater: Litt lampefeber, men mest spenning” - Sogn avis (+)

“Erling dansar historia - Ytre Sogn avis

“Sellevoll er klar for “eg er i går” - Strilen (+)

“Flyttar til Førde for å spela teater - Avisa Hordaland

“Virklighetsteatrets år - Teaterscenen er det nye stedet for å “snakke ut” og “by på seg selv” - Dagbladet

FOTOGALLERI “EG ER I GÅR”

Foto: Johan Moen, Northwest Wood

 
Seniordans (2).jpg

Å danse er litt som å sykle

- Det ligg i kroppen seier Tollef og Sarah som dansar i “Eg er i går”

eventyrstund Ninni.jpg

Kva tenker dei unge om framsyninga “Eg er i går”

 

KUNSTNARLEG LAG “EG ER I GÅR”

MANUS OG REGI Bodil Kvamme
BASER PÅ INTERVJU AV Janne Karin Støylen og Bodil Kvamme
KOREOGRAF Hilde Sol Erdal
KOREOGRAF ASSISTENT Miriam Førde
MUSIKALSK TILRETTELEGGING Harald Dahlstrøm
FOTO OG VIDEODESIGN Johan Moen
LYSDESIGN Krystian Myska
KOSTYME Anna Wingård
REKVISITØR Synnøve Ringdal
INSPISIENT/SUFFLØR Karoline Solbakken

DANSARAR:

Sunnfjord: Sarah Thingnes, Kolbjørn Bergset, Tollef Årdal, Elin Pehrson Grytting, Arne Fossøy, Kjersti Marie Imerslund

Sogn: Gunvor Grov, Marit Aafedt Fjærestad, Erling Berge, Arne Fossøy, Sigrun Vigdal

Nordfjord: Marit Helgheim, Else Tystad, Solfrid Helgheim, Anne-Karin Olsen, Elin Grytting, Kjersti Marie Imerslund

 

MEDVERKANDE

 
 

EG ER I GÅR

AV BODIL KVAMME