Gjestespel Himmelspringaren

 
 
Lilla våkner opp.JPG
 

15. og 16. september er det klart for Nynorsk barnebokfest! Sogn og Fjordane Teater presenterer eit gjestespel med framsyninga "Himmelspringaren" av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus både i Førdehuset 15. september og på Oseana 16. september.

Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset. Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam. Ho er lilla! 

Ingen vil vite av henne, ikkje ein gong mor hennar.

Det er vondt å verte støytt ut av sine eigne, men dagen då den farlege Kvasskjeften kjem, visar Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp, sjølv om den er litt annleis enn dei andre.  

Framsyninga er basert på Sissel Horndals bok med same tittel og hadde premiere 8. september 2017 på Barnas Kulturhus i Bergen. 

 

Av og med: Monika Solheim & Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill Haukås
Musikk: Hallvard Lærum
Kostyme: Marte Synnevåg

Målgruppe: Frå 3 år
Framsyninga varer i: 45 min
Tidspunkt: kl 11.30 og kl 13.00