Katteblues

 
 

«Katteblues» handlar om to einsame skapningar som finn kvarandre og startar eit skikkeleg tøft band: ei mus og ei kjette. Dei er svært forskjellige, og vennskapen vert sett på hard prøve. Musa likar reglar. Han heng stadig opp lister med reglar - veldig viktige reglar - for å få samlivet med ho der katten til å fungere. For eksempel: Det er ikkje lov å ete sin beste venn.

Men tilværet på den støvete landevegen er hardt. Skal ein følge alle reglar, er det ikkje sikkert at ein får så mykje mat i magen. Handlinga går ut på å leve med forskjellar og ulike ønske. Det er lov å gjere feil, men kan ein få tilgjeving sjølv når ein har gjort det verst tenkelege?

«Kattelues» er ei musikalsk framsyning med blues og bluegrassmusikk. På scena står skodespelar Idun Losnegård og distriktsmusikar Jacob Wyrtz, og dei er heilt avhengige av hjelp frå publikum for å skape den riktige stemninga og drive historia framover.

Framsyningslengd: 45 min
Høver for born frå 4 år

To teaterstykke på éin kveld - dobbelt så moro!

Teater Vestland reiser på turné med to titlar til grendehus i Vestland, ein musikalsk heilaftan for alle i bygda.

Kvelden startar med «Katteblues», eit bluegrasseventyr for familien frå fire år og oppover. Så held vi fram med «Send storm», ein diktkonsert basert på Jakob Sande sine tekstar miksa med elektronisk musikk. Denne passar for både ungdommar, vaksne og alle som er glade i Jakob Sande.

Skodespelar Idun Losnegård står på scena heile kvelden. I «Katteblues» har ho med seg distriktsmusikar Jacob Wyrtz, og i «Send storm» går ho i tospann med komponist Viljar Losnegård.

 

“Teater Vestland fortsetter å imponere med sine forseggjorte forestillinger for barn.” Bergens Tidende

“Den musikalske framsyninga er på 45 minutt, noko som det gjer den godt eigna for dei rastlause. Alt i alt eit morosam og musikalsk stykke for born, som også vaksne kan kose seg med.” Firda

“Borna følgde nøye med under heile framsyninga. Dei vart engasjert i vala som katten og musa stod overfor. Dei kommenterte høglydt når dei meinte katten oppførte seg dårleg." Fjordingen

 

Fotogalleri Katteblues

Foto: Espen Nyttingnes

Kunstnarleg lag

Regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Musikalsk univers Idun Losnegård og Jakob Wyrtz
Idé, konsept og visuelt uttrykk Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuell konsulent Marianne Stranger
Medverkande Idun Losnegård og Jacob Wyrtz

«Katteblues» er produsert av Teater Vestland i samarbeid med Sunnfjord kulturskule.