Send storm - Jakob Sande

 
 

Ein sårare og meir kraftfull Jakob Sande i eit landskap av elektronisk og ambient musikk.

I denne heilt nye framsyninga opnar skodespelar Idun Losnegård og komponist Viljar Losnegård nye rom i Jakob Sande si dikting, både ved å bruke mindre kjende dikt, men også ved å leite etter fleire tonar i dei dikta vi kjenner aller best.

Det er mykje sårheit og alvor i diktinga til Jakob Sande. Ei kjensle av å vere utstøytt, einsam og innestengd i eige liv. Eit enormt behov og ein kamp for å få uttrykke seg, og ein lengt som er så sterk at ein til slutt ikkje klarer å halde tilbake og må sleppe stormen laus.

‘Ein fornyar av nynorsk lyrikk’ vart det sagt om Jakob Sande då han debuterte som forfattar. Det endra seg etter krigen. Populære radioprogram og platesuksessar gjorde at han helst vart oppfatta som ein enkel og humoristisk visediktar, noko han aldri slo seg til ro med.

Musikken til Viljar Losnegård skildrar heile spekteret av kjensler, men bukkar av der teksten bør stå åleine. Dei visuelle rammene til Marianne Stranger og lysdesignet til Krystian Myska speler på lyset og mørket i dikta og gir ein smakfull konsertestetikk. Vokalen til Idun Losnegård bølgar mellom insisterande kraft og kjenslevare sukk og snakkar hudlaust og nært til publikum.

Framsyningslengd: 50 min

To teaterstykke på éin kveld - dobbelt så moro!

Teater Vestland reiser på turné med to titlar til grendehus i Vestland, ein musikalsk heilaftan for alle i bygda.

Kvelden startar med «Katteblues», eit bluegrasseventyr for familien frå fire år og oppover. Så held vi fram med «Send storm», ein diktkonsert basert på Jakob Sande sine tekstar miksa med elektronisk musikk. Denne passar for både ungdommar, vaksne og alle som er glade i Jakob Sande.

Skodespelar Idun Losnegård står på scena heile kvelden. I «Katteblues» har ho med seg distriktsmusikar Jacob Wyrtz, og i «Send storm» går ho i tospann med komponist Viljar Losnegård.

 

“Sandes humoristiske, skjelvende og kanskje mest kjente dikt Etter en rangel fremføres troverdig med bakrusens hudløshet og med nervøs røst.”
- Bergens Tidende

 
DIGITALT PROGRAMHEFTE

DIGITALT PROGRAMHEFTE

Les meir om Jakob Sande og det kunstralege laget sine tankar rundt framsyninga

 

Pressefoto

Foto: Espen Nyttingnes

 

Kunstnarleg lag

Dikt av Jakob Sande
Idé og konsept Idun Losnegård
Regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Komponist, lyddesignar og musikar Viljar Losnegård
Visuelt uttrykk Marianne Stranger
Lysdesignar Krystian Myska
Medverkande Idun Losnegård og Viljar Losnegård

«Send storm» er ei vidareutvikling av den nyskapande framsyninga «Lengt» av Losnegård og Losnegård, utvikla etter idé av Idun Losnegård og i samarbeid med Jakob Sande-senter for forteljekunst og Teater Vestland. Samarbeidet blir vidareført i denne framsyninga, som skal på turné til grendehus i heile Vestland våren 2022.