Lansering av teateråret 2018

Teateråret 2018 (1).png

 

For det glade teaterpublikummet er ikkje julafta på julafta, men éin månad før, når teatersjef Bodil Kvamme røper kva som står på programmet neste år. Gåva kan ikkje pakkast opp før 24. november, men nokre hint kan vi komme med:

Det blir åtte eigenproduksjonar, inkludert éin ønskereprise. I tillegg blir det aktivitet i Eventyrrommet, fleire Lab-prosjekt og gjestespel. Ein klassikar står på plakaten, det blir svart komedie, i tillegg til fleire nyskrivne samtidsdrama. 

«Ver så snill og la teateret komme til oss også», er det fleire som har sagt. Etter talrike oppmodingar frå publikum legg teateret ut på ein ny turné med ein ønskereprise. Vi skal ikkje avsløre kva framsyning det gjeld, men la oss seie det slik: Det kjem til å rykke i dansefoten. Alt dette og meir får du vite på lanseringa.

Men éin ting kan du vere trygg på: Kinnaspelet står på programmet for 34. gong. Det er bortimot umogleg å fatte kor stort og viktig Kinnaspelet faktisk er. Over hundre frivillige og amatørskodespelarar er i sving, saman med teateret og profesjonelle skodespelarar, for å flytte teateret ut på ei omfløymd øy ei lang og lys sommarhelg til endes. Programmet i 2018 gir deg mange gode grunnar til å gå på teater!

Førde er ein liten by, vest i eit land, nord på eit kontinent, i ei verd som er ein del av eit solsystem. Slik må teateret også vere. Det skal vere lokalt fundamentert, men samstundes tore å gløtte over fjellet og vidare over landegrensene. Folk i Sogn og Fjordane er opptekne av det lokale, men også av problemstillingar som går igjen over heile verda, seier teatersjef Bodil Kvamme. 

På same måte som Sogn og Fjordane Teater er ein del av eit solsystem, er alle byane og bygdene i Sogn og Fjordane ein del av teateret. Sju produksjonar skal ut på turne til kvar krik og krok. - Vi prøver å spreie framsyningane. Nokre kjem til dei store kulturhusa, andre til mindre forsamlingshus og kyrkjer. Vi dukkar opp på så mange stader som vi berre klarer, seier teatersjefen. 

 På programlanseringa blir det servering av makronar og peparkaker, i tillegg til eit par kulturelle godbitar. Det er gratis inngang. Kom og ver med oss på denne julafta før julafta!

Stad: Førdehuset, Teatersalen
Dato: Fredag 24. november
Tidspunkt: 12:00-13:00
Billettar: Gratis

Sikre deg ein billett her: