Norvald Tveit - bursdagsfest!

NTveitOapneseth-.jpg

Velkomen til bursdagsfest!

15. november kl 19:00
Teatersalen, Førdehuset

 

 

Norvald Tveit rundar 90 år, og Sogn og Fjordane Teater inviterer til fest på scena. 

«Eg har stelt meg på ein slik måte at naboar og dei næraste ser på meg som ein tulling. Eg har alltid følt meg utanfor.»

Det seier diktaren i sitt nittiande år. Følelsen av utanforskap har han forsona seg med som ein del av tilværet. Det har vore ei konstant kjelde til tungsinn, men også til boblande inspirasjon. Han er ein meister i bruken av spit, vestlandskystens svar på ironi, ei omgangsform der ein ikkje meiner det ein seier, men ikkje naudsynt det motsette heller. Spit er lag på lag med tvisyn og omskrivingar - og opphav til mykje av forfattarskapen hans. 

I den kulturelle stovevarmen har han sloppe inn. Til ein viss grad. Han har vore oppført på Det Norske Teateret, Oslo Nye Teater, Den Nationale Scene, Sogn og Fjordane Teater, radioteateret og fjernsynet. Han har eit tjuetals boktitlar bak seg. Han har fått Ibsenprisen og Kongens fortenestemedalje i gull.

Når fylkets diktarhøvding skal feire 90 år på Sogn og Fjordane Teater, er det med dramatikaren Rolf Losnegård som vert. Skodespelarane Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge viser utdrag frå Splint, Ungkarsfesten, Bruredansen og Kystkvinna. Førde kammerkor og 25 ungar frå Førde kulturskule skal krone Norvald som den høvdingen han er. Og Selja Forlag slepp «Reservetanken», ei bok om Norvald Tveit, ført i pennen av hovudpersonen sjølv med fleire.

«Eg er på reservetanken. Gjennom livet har eg vore ein fyr som har ledd av ting, og no er eg komen dit at eg ikkje har anna å le av enn mitt eige forfall. Boka begynner med at eg dett på flate golvet og har eit svare strev med å komme meg opp att i ståande. Etter den episoden fekk eg montert ei bøye i trappa i tømmerstova mi. Eg må bruke venstre armen til å løfte den høgre for å få gripetak, og på det viset klarer eg å svinge meg inn døra. Eg prøver å unngå å gi opp.» 

 

Dato: 15. november
Tid: 19:00-20:30
Stad: Teatersalen, Førdehuset
Pris: Fri entrè, billett må tingast