Direktestrøyming - Eventyrstund "Det usynlege barnet"

 
selfie med Reidun og Ninni.jpg

Bli med heim i stova til skodespelar Reidun Melvær Berge og få med deg eventyret om «Det usynlege barnet» av Tove Jansson. I tillegg til ei fin forteljarstund er dette ei nydeleg historie om tid og omtanke – noko som alle kan ta med oss i kvardagen som vi har no. Vi håpar verkeleg at Reidun har funne att Ninni-dokka til forteljarstunda, for Ninni har det med å forsvinne og Reidun må ofte på leit etter ho...

Ein regnfull haustdag kjem ein gammal kjenning uventa på besøk til Mummi-familien. Det viser seg raskt at ho ikkje kjem åleine. Ho vil at Mummifamilien skal passe på ei lita jente som heiter Ninni. Men det er ikkje berre lett når Ninni er usynleg! Klarer Mummitrollet og familien å hjelpe den usynlege jenta til å bli synleg att? Korleis gjer ein eigentleg det?

Fredag 27. mars kl 17:30-18:00 vert det live-streaming på Facebooksida til Teater Vestland. Ta gjerne med deg kosebamsen eller dokka di – eller samle heile gjengen med alle kosebamsane og dokker som du har, og sett deg ned og høyr på Reidun fortelje sitt favoritteventyr om Mummitrollet, Lille My, Ninni og Too-tikki.

Eventyrstunda passar for born 5-9 år.

Følg med i arrangementet på Facebook her