MARIA, JESU MOR - PÅSKEEVANGELIET

 
Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet - Teater Vestland | Orginaltittel: “Maria, moren” av Håvard Rem

Teater Vestland har dessverre avlyst alle framsyningane av “Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet” på grunn av den alvorlege situasjonen med aukande spreiing av koronasmitte. Publikum vil bli kontakta for refusjon av billettar.

 
 
 
 
 

”Eg har sett son min døy. Eg sto der – på lang avstand – til dei kom og tok han ned. Eg trur det var han. I går. Vi vart fortalde at ein av dei mest mektige mennene i landet kom med tenarane sine og tok han ned. Frå korset. Josef frå Arimatea. Minister. Eg har aldri sett ein minister. Han sveipte han i eit linklede, vart det sagt, og la han i ei grav han hadde kjøpt til seg sjølv. Her i Jerusalem.”

Det er klart for den siste monologen i trilogien om Messias, skriven av Håvard Rem. Denne gongen er det Maria, Jesu mor, som har ordet. Til alle tider har historia om Jesus blitt fortalt av menn, men i denne trilogien slepp kvinnene til. Det kan vere lett å gløyme at også dei hadde sin plass i lyssirkelen rundt leirbålet.

Først kom «Juleevangeliet - Miriam si forteljing» i 2016. Søstera til Josef (spelt av Idun Losnegård) fortalde sin versjon av det som hende då Jesus blei unnfanga ved gudommeleg medverknad. I 2018 kom «Maria Magdalena - Jesu virke», og vi fekk høyre om frelsaren gjennom kvinna som stod han så nær i vaksen alder (spelt av Reidun Melvær Berge). No kjem «Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet». Vi går tilbake til kvinna som bar han fram, Maria, spelt av Marit Østbye som også hadde regien på dei to første monologane.

Vi møter ei mor som dagen i forvegen har sett sonen sin døy på korset, slik ho tjue år tidlegare såg bror sin døy på korset. Ho minnest opprøret på tempelplassen, det siste måltidet og ikkje minst innmarsjen til Jerusalem, der tusenvis tok imot han:


”Yeshua!» ropte dei. «Yeshua bar Abba!»
Og alle visste kva dei meinte med det: «Jesus! Opphøg han! Sett han opp på trona! Gjer han til konge!»

KUNSTNARLEG LAG | MARIA, JESU MOR - PÅSKEEVANGELIET

AV Håvard Rem
OMSETJING Asbjørg Lotsberg
REGI Bodil Kvamme
MED Marit Østbye
KOSTYMEDESIGN Else Lund
LYSDESIGN Krystian Myska

Marit Østbye

Marit Østbye

 

Fotogalleri | Maria, Jesu mor - Påskeevangeliet

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

 

MARIA, JESU MOR - PÅSKEEVANGELIET

MESSIAS | Tre monologar av Håvard Rem | del 3: Maria, moren