Ho er den nye direktøren vår

 

Aud Marie Åsen er frå Jølster og har nett flytta tilbake etter rundt tjue år i Nordfjord. Foto: Privat

 

Aud-Marie Åsen (53) har takka ja til stillinga som direktør ved Teater Vestland og vil starte i jobben 2. januar 2024. Ho kjem frå jobben som einingsleiar i bemanningseininga i Sunnfjord kommune.

Styreleiar Rasmus Mo viser til ein god og grundig tilsetjingsprosess.

— Den nye direktøren vår har brei leiarerfaring, har gode referansar i endringsleiing og er særs glad i byen sin. Ho ser fram til å komme ombord og få vere med inn i framtida, seier Rasmus Mo.

Også teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt er veldig nøgd med at teateret no har tilsett ny direktør.

— Aud Marie har mykje å bidra med, og eg gler meg til ho er på plass på nyåret, seier Cecilie Grydeland Lundsholt.

 

Teater Vestland har nettopp flytta inn i nytt teaterhus i Nynorskhuset midt i Førde sentrum. Berre fantasien set grenser for kva Nynorskhuset kan få å seie for byen. Foto: Heidi Hattestein

 

I intervju med lokalavisa Firda seier den nye direktøren:

– Vi har eit rikt kulturliv, og eg har kjent på at eg kunne tenke meg å vere ein del av det og å vere med å utvikle det. Kulturlivet betyr meir for oss enn vi kanskje tenker på i utgangspunktet. Kulturen er verdiane og kunnskapen vi har med oss gjennom generasjonar. Det skapar ein felles identitet, og det håpar eg Nynorskhuset og Teater Vestland kan hjelpe til å gjere for Førde som by og Sunnfjord elles.

Heile artikkelen kan du lese her (for abonnentar).

 
Heidi Hattestein