Vi har vunne teater-pris for å auke røynda! 

 

Teater Vestland og Nordland Teater har vunne Norsk publikumsutvikling sin pris i kategorien «fornyar» for arbeidet med teater og ny teknologi. Resultatet av deler av dette arbeidet ser publikum i framsyninga Torn & Rose i Eventyrland.

Torn & Rose i Eventyrland: Gjennom AR-briller får publikum sjå skodespelar Carina Furseth skyte på ein drake som flyg rundt på scena. Foto: Jan Von Holleben, dataanimert med drake

— Det er heilt fantastisk. Veldig mange har jobba veldig hardt for å få dette til, og eg er utruleg stolt av denne prisen, seier teatersjef ved Teater Vestland, Cecilie Grydeland Lundsholt.

— Bak ligg eit to år langt utforskingsarbeid, der vi har fordjupa oss i kva ny teknologi kan ha å seie for teateret som bransje, både i drifta og i utviklinga av kunstnarlege konsept. Dette arbeidet skal vi halde fram med, seier Lundsholt.

Familieframsyninga Torn & Rose i Eventyrland er ein del av dette store arbeidet og eit tydeleg døme på kva ny teknologi kan brukast til på scena. I framsyninga blir publikum utstyrte med AR-briller (augmented reality eller auka røynd, som teateret har valt å kalle det, og får heider av juryen for å ha fornya språket med eit nytt ord). Eit ekstra lag med virtuell informasjon og objekt blir lagt oppå den verkelege verda som publikum ser.

Meldarane har så langt late seg begeistre. «Frisk forsmak på framtidens barneteater» skriv Rana No i meldinga si av urpremieren i Mo i Rana.

Ei teaterscene er eit magisk moghelheitsrom der fysiske lover kan opphevast. Ingenting er umogleg, og alt er lov.

I Torn & Rose i Eventyrland tøyer vi strikken endå lenger. Ved hjelp av AR - augmented reality eller auka røynd - blandar vi digitale modellar med den fysiske verda. Ein flygande drake på scena har blitt laga mange gonger før, men kva om den lever og sprutar ild og har personlegdom?

Det er det publikum får i samarbeidsproduksjonen Torn & Rose i Eventyrland. Det beste frå spelverda blir miksa med det beste frå teateret sitt univers. Publikum får vere med og redde Eventyrland - og til og med skyte piler.

Juryen si grunngjeving:

«Teknologi har alltid satt premisser for kunsten, og kunsten har tilpasset seg. I Shakespeares tid var det lengden på stearinlysene som bestemte hvor lange aktene hans kunne være. Årets FORNYER har de siste to årene eksperimentert med ny teknologi basert på et ønske om å utvikle teaterkunst på premissene til det unge og visuelt topptrente publikummet – et publikum som konsumerer film og spill i stor grad, men som ikke er like interessert i å gå på teater.

Og prisvinneren har bidratt til fornyelsen av språket med et nytt, nynorsk ord – auka røynd (augmented reality) – et grep som overskrider teatrets form og gir mulighet til å blande actionsekvenser som ligner på animasjonsfilmer fra Pixar, med teatermaskineriet og den unike opplevelsen av å være i samme rom som skuespillerne.

Forestillingen Torn og Rose i eventyrland er utviklet i tett samarbeid med målgruppa gjennom etableringen barnedramaturger i ulike aldersgrupper, og den er også utviklet med tanke på fedre som oftere velger kinoopplevelsen fremfor teatret. Årets FORNYER har en forfriskende publikumsorientert måte å jobbe på, og går foran innenfor scenekunsten, når det gjelder eksperimentering med ny teknologi.»

NPU prisen blir delt ut på NPU konferansen i Bergen 14. september. Les mer om NPU og dei andre nominerte HER.

Kva er auka røynd?

I AR (auka røynd eller augmented reality) legg ein virtuell informasjon og objekt over den verkelege verda. Ein utvidar verkelegheita med digitale detaljar som bilde, tekst og animasjon, gjort tilgjengeleg gjennom AR-briller eller via skjermar, nettbrett og smarttelefonar. Publikum blir ikkje isolerte frå røyndommen, men samhandlar og ser kva som skjer framfor dei.

Døme på AR kan vere Pokémon GO-spelet, som simulerer digitale skapningar i den verkelege verda, og i Snapchat har du kanskje trylla fram hattar eller briller i ansiktet ditt? Det er bruk av Auka Røynd!

 
Heidi Hattestein