Eitt og anna blåmerke, men så verdt det!

 

Det vart ein kjempesuksess med sirkusskule i haustferien. 15 elevar hang opp ned og sidevegs i ei veke. Det heile kulminerte på fredagen, då foreldre og venner vart inviterte på oppvising.

(Faktisk vart fleire foreldre så misunnelege at dei etterpå måtte prøve seg litt i silkestroppane dei også.)

Sirkuselevane med instruktør Tinka Havnen Amundsen i forgrunnen. Foto: Heidi Hattestein

— Det var heilt topp å vere med. Vi lærte mykje, instruktørane var flinke, og det var kjekt å vise fram det vi har lært. Ein fin måte å tilbringe ferien på. Eg gjer det gjerne igjen, seier Thea (12) og får støtte frå Newton (14).

— Instruktørane var veldig flinke! Dette kunne eg tenkt meg å fortsette med. Om det kjem eit tilsvarande tilbod i framtida, vil eg anbefale det på det sterkaste, seier Newton medan hen gjer opp status for blåmerkene. Det blei eit par i dag også. Men det er verdt det.

Teaterskulen er eit samarbeid med Sunnfjord kulturskule, og instruktørar på sirkusskulen var Tinka Havnen Amundsen og Hedda Ølmheim.

 
Heidi Hattestein