Ivar er Åwesome!

 

PRØVEROM: I ei heil veke har Roseane Dos Reis og Stein Ove Øygardslia hatt med seg nynorskhøvdingen Ivar Aasen - eller i alle fall ein todimensjonal, projisert versjon av han - på Scene 2 for å jobbe med barneframsyninga Ivar Åwesome.

Roseane Dos Reis er kunstnarleg leiar i teatergruppa som har vore i prøverom her på teateret. (Eigne foto)

Prøverom er ei kunstnarleg utforsking av ein idé og eit tilbod til teatergrupper i det frie feltet.

Sju prosjekt søkte på årets prøverom, og av desse vart Lil’Gorilla Theatre Company valt ut.

I utforskinga har det vore fleire personar innom; representantar frå Mållaget og andre nynorskbrukarar som kan bidra i prosessen frå tankestadium og til ein ferdig teaterproduksjon.

Interessante ting skjer når ein bøyer tankane: Kva er eigentleg ein nynorskbrukar? Er det ein som snakkar nynorsk, men skriv bokmål, eller kan det like gjerne vere omvendt? Kan ein sjå på folk at dei nyttar nynorsk, på måten dei går på for eksempel?

Skodespelar Stein Ove Øygardslia.

Både Dos Reis og Øygardslia har bakgrunn fysisk teater og som sjukehusklovnar. Det merkast der dei «flyr» rundt i rommet for å nå opp til høvdingen sjølv.

Ivar Åwsome starta som ein idé av Roseane og vart vidareutvikla under eit pitchekurs på vårens regionale bransjetreff her på Teater Vestland.

Prosjektet handlar om kommunikasjon på tvers av kulturar. Roseane Dos Reis er sjølv immigrant. Ho kom til Norge frå Brasiil i 2004, og møtet med eit nytt språk er sentralt i framsyninga.

— Når ein ikkje kjenner eit språk, høyrer ein meir lydar. Der startar det. Immigrantar er på mange måtar som små Ivar-ar som samlar på ord for å gjere seg forstått, seier Øygardslia.

Ivar er «åwesome». Men toler han - og ikkje minst toler tilhengarane hans - å bli forbundne med denne typen anglisering som jo gjerne blir sett på som ein trugsel mot språket vårt?

— Språket er på mange måtar ei kjerne i identiteten vår. Forskjellige språk og dialekter representerer personleg og kulturell identitet. Vi blir stadig meir fleirkulturelle, og immigrantar frå heile verda kjem med sine eigne språk, som blir med i miksen. Det er som med mat. Vi får stadig fleire smakar. Men det trugar ikkje meksikansk mat at ein bruker norsk rømme i den, seier Dos Reis.

Dei håper at ei framsyning som denne kan bøye tankane våre og gjere dei meir fleksible.

— For ein luksus for frilansarar som oss å ha ei heile veke i ein sal som dette. Tusen takk, seier dei to.

Prøverom er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Norsk Skuespillersenter. Som regionteater ønsker Teater Vestland endå tettare samarbeid og utveksling med scenekunstnarar og teaterkompani i det frie feltet. Teateret ønsker å stimulere til fleire produksjonar som bruker nynorsk som scenespråk.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt innrømmer at det var vanskeleg å velje ut det eine prosjektet.

— Det var sju svært gode søknader å velje mellom. Det viser at det er grunnlag og behov for ei ordning som prøverom, og det er eit tilbod vi absolutt vil halde fram med, seier ho.

 
Heidi Hattestein