Samling på topp

 

I oktober samla Teater Vestland alle teatersjefar og direktørar i Norsk Teaterlederforum til haustseminar i Nynorskhuset.

Sjekk den gjengen! NTLF-samling i Førde 4. og 5. oktober 2023. Foto: Lene Grande

— Alle teatersjefar og direktørar i Norsk Teaterlederforum møtest to gongar i året for å diskutere dagsaktuelle problemstillingar og utveksle erfaringar. Det er eit viktig samlingspunkt. Denne gongen var det Teater Vestland sin tur til å invitere, og vi fekk samstundes vist fram det nye teateret som vi er utruleg stolte av, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Haustseminaret gjekk over to dagar og på dagsorden stod mellom anna ny teknologi, framtidsvisjonar og språk, samt korleis ein snakkar om teaterets økonomiske posisjon fram mot statsbudsjettet 2025.

Kunstnarleg påfyll fekk deltakarane også, med familieframsyninga Torn & Rose i Eventyrland, samarbeidsproduksjonen som involverer dei tre teatera Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.

I foajeen i Nynorskhuset føler ein seg raskt heime. Foto: Espen Nyttingnes

— Vi gleda oss til å vise fram Nynorskhuset til kollegaene våre, og dei var mildt sagt begeistra. Dei var imponerte over fellesskapen og dei fine og fargerike lokala våre, og ikkje minst var dei imponerte over foajeen og korleis vi har lukkast med å skape ein intim atmosfære, der ein raskt kjenner seg heime. I tillegg held kvaliteten på mat, drikke og service i restauranten Røyst høg kvalitet, seier direktør Margunn Grytten Selvik og held fram:

— At vi på treffets siste dag dessutan fekk vite at Fosse har vunne Nobelprisen i litteratur gjorde det til ein merkedag for oss alle – tenk å oppleve ei slik tildeling og så i Nynorskhuset i Førde!

 
Heidi Hattestein