Vi er med og lagar sakte-Fosse på NRK!

 

40 skodespelarar - mellom andre vår eigne Idun Losnegård - les 41 teaterstykke i løpet av den 40 timar lange direktesendinga på NRK.

Sakte-Fosse: I nobelhelga 8.-10. desember får vi høyre alle teaterstykka til Jon Fosse i éi samanhengande lesing. Foto: Tom A. Kolstad

– Eg vart svært overraska då eg høyrde om dette prosjektet. Og det var kanskje ikkje så rart, for eg trur ikkje noko liknande har vore gjort tidlegare nokon stad. Men då eg fekk tenkt meg om skjønte eg jo at det var ei stor ære, som eg er takksam for.

Dette skriv Jon Fosse om prosjektet «Jon Fosse ord for ord», der alle teaterstykka hans skal lesast opp i ei samanhengande framsyning med publikum – og som skal sendast direkte på NRK.

«Jon Fosse ord for ord» blir vist på NRK i nobelhelga 8.-10. desember, dag og natt.

Den samanhengande lesinga vil gå føre seg med publikum i teatersalen på Det Vestnorske Teateret, utan stans, til ut på formiddagen søndag den 10. desember; dagen Jon Fosse tar imot nobelprisen i litteratur. NRK sender alt direkte, krydra med engasjerte innslag og kommentarar frå fjern og nær.

Ærast den, som ærast skal: Ideen til “Jon Fosse ord for ord” stammar frå dramaturg Aslak Moe og vart tatt vidare av teatersjef Thomas Bye, begge ved Det Vestnorske Teateret. Her ser du sistnemnde saman med to av dei andre teatersjefane som er involverte: Vår eigen Cecilie Grydeland Lundsholt og Solrun Toft Iversen ved Den Nationale Scene. Bildet vart tatt under det regionale bransjetreffet på Teater Vestland tidlegare i år. I tillegg er Det Norske Teatret i Oslo med. Foto: Heidi Hattestein

Verdas lengste teaterhending er eit unikt samarbeid mellom NRK og fire teater: Det Vestnorske Teateret, Den Nationale Scene, Det Norske Teatret og oss her på Teater Vestland.

Bli med frå teatersalen på Det Vestnorske Teateret i Bergen - eller sofakroken heime. Sendinga begynner klokka 20.05 den 8. desember og går utan stopp, vekslande mellom NRK1 og NRK2 fram til søndag 10. desember. NRK kjem òg til å legge heile sendinga ut til strøyming via NRKTV.

«Jon Fosse ord for ord» er gjort mogleg med øyremerka tilskot frå Kulturdepartementet, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Sparebanken Vest, samt NRK.

 
Heidi Hattestein