Kvar var du då Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur?

 

Vi var på fest på det nynorske grunnfjellet i i Nynorskhuset i Førde. Ein treretters for kropp og sjel.

Direktestrøyming av prisutdelinga. Foto: Lene Grande

For teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt er denne helga eit høgdepunkt i teaterhistorieboka.

— Laurdag var eg i Bergen med Fosse ord for ord, der Teater Vestland var stolt bidragsytar, seier ho. 

47 skodespelarar - mellom andre våre eiga Idun Losnegård - las alle Jon Fosse sine teaterstykke på 40 timar, sendt ord for ord på NRK. Verdas lengste teaterhending var initiert og produsert av Det Vestnorske Teateret og NRK i samarbeid med Teater Vestland, Det Norske Teatret, Den Nationale Scene og Studentteateret Immaturus. 

Her i Førde strøymde vi lesinga på storskjerm og med høgtalarar på Nynorskplassen framfor Nynorskhuset. Fosse i byrommet!

Søndagen leia teatersjefen Fest for Fosse i Nynorskhuset saman med Stian Sjursen Takle (NRK) og Janne Karin Støylen (Rom for ord). 

— Fest i Nynorskhuset og strøyming av sjølve utdelinga var ei perfekt avslutning på helga, ein treretters for både kropp og sjel. Det vart servert ettermiddagste komponert av Røyst mat & vin og Christel Eide med smakar av Strandebarm, Hardanger, Kaffistova og Wien. Ordførar Jenny Følling, kultursjef Anita Nordheim og leiar i Førde Mållag, Terje Lyngstad, heldt talar. Så direkteoverførte vi prisutdelinga frå Stockholm til ståande applaus, før kvelden vart avslutta med den nydelige diktkonserten Blått Svev med Hildegunn Riise og Benedicte Maurseth, seier ho og held fram: 

— Og med det seier vi eit stort og rungande «gratulerer, Fosse!». 

Fest for Fosse var eit samarbeid med Rom for Ord, NRK, Røyst mat & vin og Sunnfjord kommune.

— Den dagen barnebarna mine spør meg om kvar eg var den 10. desember 2023, då Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur, gler eg meg til å svare at eg var i Nynorskhuset i Førde. 

Det seier Terje Lyngstad. Han kallar tildelinga av nobelprisen til ein norsk forfattar for første gong på 95 år, og til ein nynorsk forfattar især, for ei ny tidsrekning. 

— Vi har fått stadfesta at vi kan skrive verdslitteratur på språket vårt. 

Eit essay av Jon Fosse har vore med mållagsleiaren sidan han las det på slutten av 90-talet. Tittelen er «Når ein engel går gjennom scenen». 

— Det er eit ungarsk teateruttrykk, og sånn eg forstår Fosse, er det eit bilete på det som skjer når vi menneske opplever noko uforklarleg i lag, noko vi ikkje har ord for, og som vi difor gjerne kallar magisk eller fantastisk. Det er kanskje berre eit glimt av ei kjensle av noko som ber i seg ei slags useieleg innsikt, at det oppstår ein kollektiv merkbar fellesskap i publikum.

Sidan har englane ofte dansa for Lyngstad sitt indre, når han har lese Fosse eller sett eit av stykka hans på ei scene. 

— Eg vil seie graturlerer til Jon Fosse. Og gratulerer til nynorsken. Hurra! 

Ete innimellom.

 
Heidi Hattestein