Snikkar Kjell går av med pensjon etter 23 år. Likar seg best på landjorda.

 

Kjell Furevik går gjerne rundt flyplassen, men ikkje grauten. Foto: Heidi Hattestein

— Vi får no sjå om vi rekk eit fly.
— Vi skal ikkje reise til Karibia då, Kjell?
— Nja … (mumlar noko som ikkje slepp forbi barten).

Nja med påfølgande mumling i ansiktshår betyr nei på «kjellsk». Nei, vi skal ikkje til Karibia. Og nei, vi kjem ikkje til å nå flyet. Vi ser det ikkje eingong, berre høyrer at det rusar med motorane og tek av like før vi kjem opp den vesle bakketoppen på spaserturen vår rundt Førde Lufthamn, der Storehesten kneisar i horisonten.

Fotografen henger ørlite med hovudet, det hadde vore så tøft å få eit fly med på bildet, men Kjell er uaffisert. Han har ikkje noko fly han skal rekke. Kjell har gått av med pensjon. Han kan sjå tilbake på 23 år ved teateret, som snikkar, scenemeister, «peikar» og faktisk også statist på scena. Kona gjennom meir enn 30 år, Grethe, har også stempla ut av arbeidslivet. No nyt dei pensjonisttilværet i lag.

Verken han eller ho er typen til å setje seg på eit fly til Syden, «aldeles ikkje». Men det betyr ikkje at dei ikkje er på farten.

I denne reportasjen inviterer vi deg med på ein tur rundt flyplassen og ein prat om kor viktig det er å aldri slutte å bevege seg, både geografisk og personleg. 

Kjell har stått på scena fleire gonger, og her er han også med på plakaten, øvst til høgre. Frakt under havet, den siste produksjonen i Bodil Kvamme sin sjefsperiode på teateret.

Kjell har hatt kroppsarbeid heile livet. Først i byggjebransjen, deretter som vaktmeister og teknisk leiar på Førdehuset og til slutt på teateret.

— Det er ein raud tråd her. Eg begynte i byggjebransjen etter eitt år på yrkesskulen. Så vart eg arbeidsleiar, men det likte eg ikkje så godt, for eg følte at eg ikkje fekk gjort noko. På Førdehuset var det tilbake til ordning og reparering, før eg enda som teknisk leiar med papir og budsjettansvar. Noko av det beste med å begynne på teateret var at eg kom tilbake til høvelbenken. Eg likar at det står noko attende etter meg.

Mykje står att etter Kjell når han går ut døra, men det absolutt største er blackboxen, den turnerande intimscena vår med plass til cirka 60 publikummarar. Boksen består av eit tjuetals veggelement - 3,6 meter høge og 1 meter breie - som blir hekta inn på ei skinne og kan riggast opp og ned kvar einaste kveld. Blackboksen stod ferdig til Vildanden i 2016.

Og det aller beste? Utan tvil turnelivet.

— Det er god kost for muskulaturen, det!

Ein kan bli avhengig av å røre på seg. Som nyslått pensjonist er Kjell ute kvar einaste dag, anten på tur, eller han jobbar i hagen.

— Kor tid var du sist inne ein heil dag?

— Nei, det må ha vore sist eg var sjuk.

Våren 2021. Den eine dagen var han i full sving med å bygge campingvogn i full storleik til familieframsyninga Raudhette og ulven, og den neste var ryggen låst. Kjell hamna på sjukehus midt i koronatida med prolaps og ein til dags dato uforklarleg infeksjon i kroppen.

— Eg hadde slike smerter at eg ikkje visste å bjerge meg. På det verste var eg glad berre eg såg nokre kvitkleidde, så eg fekk spurt etter meir smertestillande. Du veit, då har ein ikkje så mykje krefter til å lengte ut.

I to veker vart han liggande. Etter kvart kvikna han såpass til at auga begynte å vandre ut vindauget, og der såg han Halbrendsnipa bade i seinvintersol. «Eg må komme meg opp att dit», sa han til seg sjølv.

Det klarte han. I slutten av mai gjekk han på toppen av Fureviknipa, «heimefjellet», og sidan har det blitt mange toppar. Han kom seg tilbake i jobb, men nedtrappinga starta etter affæren med ryggen. I samråd med Kjell vart det lyst ut etter ny snikkar, og han og Svein Yngve har fått overlappe kvarandre slik at skøyten sit godt.

— Det var i grunn bra tima, seier Kjell, omsider pensjonist på heiltid i ein alder av syttitre og eit halvt.

Nye- og gamlesnikkaren samarbeidde om scenografien til Peter Pan i 2023. Svein Yngve Haukeland har tatt over på verkstaden.

— Teateret er ein fantastisk arbeidsplass. Folk har omsorg for kvarandre, og den omsorga har eg kjent på. Teateret er som ein familie.

Og Kjell saknar slekta, for å seie det sånn, spesielt å få vere med gjengen på verkstadene.

— Eg sit og mimrar, kanskje litt for mykje. Nei, det er berre å komme seg ut, halde seg i form. Og så har eg jo Grethe heime, og ungar og barnebarn, dei bur alle i Førde. Det er godt å ha tid i lag med dei, og så er det jo godt å ligge frampå om morgonen. Fell eg for freistinga til å klage, får eg grei beskjed om at «ho visst skal finne arbeid til meg, viss eg kjedar meg».

Ovanfor ser du foto frå prosessen med å byggje eit piano. Heilt sidan Kjell fekk seg smarttelefon har alt blitt nøye dokumentert.

Og slik vart pianoet sjåande ut på scena i Evig ung (2017):

Ein fyr som bryr seg, seier folk om Kjell. Ein likandes kar.

Ein tyl, seier han sjølv.

— Eg meiner det ikkje i negativ forstand. Kva var det Oddvar Torsheim sa då han skulle forklare ordet «tyl»? Eg trur det var noko slikt som «ein intelligent tosk». Som arbeidsleiar har eg lært ein del om korleis ein får folk til å fungere kvar for seg og i lag. Det er lærdom eg ofte bruker, og den kan til og med brukast på leiarane, seier han og kneggar litt i skjegget.

Han og mangeårig kollega Odd Magne Herland saga faktisk ein teatersjef i to. Det skjedde i jubileumsframsyninga då teateret feira 25 år, og teatersjefen var Mette Brantzeg (2000-2004). Rein og skjer teatermagi, sjølvsagt. Men det er ei kime av sanning her. Både høg og låg høyrer etter når Kjell snakkar.

Kjell testar talarstolen til Bondetinget (2021), medan kollega Tore Eide syter for den siste finishen.

— Eg er einig i alt det som folk seier om deg, svarar eg.

— Men eg vil gjerne legge til at du også kan vere litt streng.

Ein teaterproduksjon er eit samarbeid mellom mange forskjellige fagfolk, og det er eit puslespel der ein er avhengig av å ha god kommunikasjonsflyt.

— Hugsar du, Kjell, den gongen eg kom til lunsj og klaga fordi eg ikkje fekk på plass avtalar med det kunstnarlege laget på scena? Du sat og høyrde på utan å seie så mykje, heilt til…

— … det small?

— Ikkje small akkurat. Men du tok i alle fall ordet, og det blei knappenålsstille i rommet. Så fekk eg eit foredrag om kva ein inspisient er for noko, og no lurer eg ikkje lenger på korleis eg skal få på plass avtalar.

Kjell kneggar litt meir i skjegget, så blir han tankefull.

— Eg har denne maska som eg av og til tar på, og då ser eg gjerne litt bisk ut. Det har eg fått høyre mange gonger, seinast i går då eg sat og drakk kaffi med Grethe. Det er vel kanskje ein måte å få litt fred på, å få rom til tankane. Men merk deg at kona seier at eg _ser_ streng ut, ikkje at eg _er_ streng.

Kjell i maske på plakatshooten til Fugletribunalet. Foto: Lene Grande

I boka «Eit lite stykke kosmos», som Marita Liabø har skrive om teateret, står det at «Atle pirkar seg ettertenksamt i barten, som er mindre enn Kjell og Odd Magne sin».

Alle dei tre teknikarane på teateret er kjende for dei feiande flotte mustasjane sine. Litt seinare i boka blir det fortalt om ein episode, der dei tre teknikarane overraskar to som står og klinar i kulissane - eit lite sjokk! Eller er det ein teknikarspøk ved siste teppefall? Ikkje godt å seie.

— Det er mykje klemming og omsorg her. Før jobba eg i byggjebransjen. Der dreiv vi ikkje med slikt, blir Kjell sitert på i boka.

Vi må snakke litt meir om både barten og klemminga, for det er nemleg ein slags samanheng her.

— Eg har hatt bart sidan det begynte å vekse ut hår i ansiktet. Eg var utan i eit par veker i midten av tjueåra, men då sa tante Oddlaug at eg såg løyen ut. I byggjebransjen var det ikkje så nøye med korleis barten såg ut, men då eg begynte å jobbe i finkulturen, var det fram med voks og greier. Då vart det snurrebart.

Historia om klininga nektar han tvert for at han hugsar. Kjell har nemleg selektiv hukommelse, spesielt når det gjeld sladder om andre. Det som skjer på turné, blir på turné.

— Men det med klemming vaks i grunn på meg etter at eg begynte på teateret. Det vart etter kvart meir naturleg, kanskje forandra eg litt personlegheit. Det er forskjell på å vere blant karar i skitne kjeledressar og å gå ute blant publikum som er pynta til eit av årets høgdepunkt, når teateret kjem på besøk i bygda.

Ekstra god var den klemmen han fekk av teatersjef Terje Lyngstad (2004-2015) då han mista far sin i løpet av ein turné, nesten 94 år gammal.

Kan det vere at han har blitt strengare på utsida, etter kvart som han har blitt mjukare på innsida? Kjell ser ikkje vekk ifrå det. Ein må kanskje vere i ein slags balanse for å bevege seg.

Dette fotoet blei tatt under arbeidet med scenografien til Brenningmysteriet - to levande og to døde i 2011. Fotot: Hans Jakob Reite

Praten blir avbroten av at telefonen hans ringer. Det er eldste barnebarnet. Ho har mykje rot på skrivebordet og lurer på om bestefaren kan lage nokre hyller til henne. Kjell lovar å ringe opp att når han kjem heim, han må berre gjere seg ferdig i Karibia.

Flyttesjau: Kjell fekk med seg flyttinga frå Førdehuset til splitter nye teaterlokale i Nynorskhuset.

Kjell likar å vere på farten. Han vil gjerne ha variasjon, og han er open for erfaringar som utviklar han som menneske. Det er i grunn berre det flyet til Syden han ikkje ser den heilt store nytten i.

— Turnelivet i Vestland, det er kjempegreier. Det å jobbe i lag mot eit mål og å hjelpe kvarandre. Vere der ute og treffe publikum. Det er kjekt å pakke turnebilen, og så er det himla godt å komme heimatt etter nokre veker på vegen! 

Kjell har vore involvert i totalt 134 produksjonar her på teateret, som snikkar og ofte på turné. Av alle turneane er det ein som blenkjer spesielt sterkt i minnet, og det er grendehusturneen med kjempesuksessen På lokalet:

Kjell fortel om ein gong han var i London med kollegaene på teateret. Historia oppsummerer det heile ganske så godt, synest han.

— Vi fekk billettar til ein fotballkamp, på kva arena hugsar eg ikkje; fotball er ikkje den heilt store interessa. I pausen gjekk vi for å slå lens, og pissoaret var ein fleire hundre meter lang vegg, der karane stod tett i tett. Helga etterpå var eg og familien på barneskirenn på Sandane. Der stod det ein einsleg utedo borte på ein haug, og på veg dit blei eg gåande og tenke på kor mykje heller eg ville vere der enn langs ein vegg i det store utlandet.

— Nei, heime har eg det godt.

Lurer du på korleis Kjell såg ut i den der rolla som lensmann i Frakt under havet, så får du svar her. Foto: Espen Nyttingnes

Heilt til slutt får du ein bildekarusell av sofaen som Kjell snikra til Gratis og uforpliktande verdivurdering (2021) og kyrkja han bygde til Alt det lyse og alt det mørke (2019). Og på veggen i gamleverkstaden hengde Kjell opp modellane til dei fleste scenografiane han laga i løpet av 23 år som teatersnikkar.

 
Heidi Hattestein