Nynorsk til heile landet!

 

65 spelestadar får besøk når Teater Vestland og Riksteateret samarbeider om å lage teater av Tore Renberg si bok Tollak til Ingeborg.

Kyrre Eikås Ottersen gjer ein herkulisk prestasjon som Tollak i den halvannan timar lange framsyninga. Foto: Magnus Skrede

Kalenderen viser 2023. “Nynorsken har fått nobelpris”, som prisvinnaren, Jon Fosse, nyttar eitkvart høve til å seie. Sjølve flyttar vi inn i splitter nytt teaterhus i Nynorskhuset i Førde, og her har Tollak til Ingeborg urpremiere, før begge teatera i eit felles krafttak tar stykket på turné landet rundt.

Eit godt år får nynorsken, får ein seie.

Vi tar ein prat med begge teatersjefane bak samarbeidet: Arne Nøst ved Riksteatret og vår eigne Cecilie Grydeland Lundsholt. Dei snakkar om om stykket, mannen og språket.

Begge tenkte «denne må til scena» då dei las romanen. Cecilie Grydeland Lundsholt var først ute med å sikre seg rettane. Ho fekk boka til jul same året som den kom ut, og seks dagar seinare ringde ho Renberg. «Du må stole på dei som har dei gode intensjonane og krafta», har forfattaren uttalt.

Teatersjefane Cecilie Grydeland Lundsholt og Arne Nøst i intervju med NRK under opninga av Nynorskhuset og urpremieren på Tollak til Ingeborg. Foto: Espen Nyttingnes

Tollak til Ingeborg er hans andre roman skrive på nynorsk, og han skildrar overgangen frå bokmål til nynorsk som «ufatteleg frigjerande».

— Først var tanken på å skrive nynorsk sjokkerande. Så begynte eg å skrive, og eg opplevde at eg fekk nærleik til stoffet og til meg sjølv. Ei ny dør opna seg. Eg fekk eit ekstra språk å jobbe i, og litteraturen blei rikare og større, seier Tore Renberg og held fram:

— Ein dag skreiv eg nokre setningar om ein mann som var rasande, på nynorsk. Skrivinga valde skriftspråk i lag med meg, og nettopp det at eg skreiv på nynorsk har gitt oss den Tollak som vi har fått.

Teatersjefen ved Riksteateret, Arne Nøst, synst det er perfekt å lage framsyninga saman med regionteateret på Nordvestlandet, der karakterane godt kan ha sitt opphav.

— Bygda til Tollak og Ingeborg kan like gjerne ligge i Finmark, men eg tenker at ho er på Vestlandet, i den delen av landet forfattar Tore Renberg kjenner best, seier Nøst.

Andrine Sæther i rolla som Ingeborg. Foto: Magnus Skrede

Tollak til Ingeborg er eit sjeldan mannsportrett og ei tragisk familiehistorie, men òg ei gripande forteljing om kjærleik.

— Handlinga pirkar borti noko som er eit problem i mange samfunn rundt omkring i verda, denne kulturen der menn sjølvisolerer seg. Det er noko sant og sårt ved det, som eg kjenner igjen sjølv. For menn kan det sitje langt inne å snakke med nokon i tunge periodar, seier Nøst.

Mange føler at dei kjenner ein Tollak, og det er styrken ved universet Renberg har skapt, meiner Lundsholt.

— Du får sympati og medkjensle med mannen som samfunnet har sprunge ifrå, han som ikkje veit korleis han skal betale rekningane i nettbanken og som vil at barnebarna skal sitje mindre på mobilen. Kva verdiar har gått tapt? Du begynner å bli glad i han. Så skjønner du at han har gjort noko utilgiveleg, og du blir ståande i eit emosjonelt spenn som det er uhyre interessant å utforske, seier Lundsholt.

(Saka held fram under neste bilde.)

I det nybygde Nynorskhuset i nynorskhovudstaden i Førde er det takhøgde for å diskutere språket.

— Vi utforskar kontinuerleg korleis vi skal nytte nynorsk som scenespråk. Enkelte vil kanskje la seg provosere av at skodespelarane ikkje seier «kva» eller «kvifor», men «ka» og «koffor». For Teater Vestland er denne forma for normering naturleg.

Det nyt folk i heile landet godt av. Gjennom samarbeidet med Riksteateret får framsyninga meir speletid og større publikum.

 
Heidi Hattestein