Skal ein føde barn inn i klimakrisa?

 

«Pusterom» er eit smart og ærleg teaterstykke om kjærleik i ei verd som brenn.

Carina Furseth og Harald Ottesen Nødtvedt står på scena, og vi følgjer paret i opp- og nedturar gjennom heile livet. Foto: Espen Nyttingnes

«Eg kunne fly til New York og tilbake igjen kvar dag i sju år og produsere mindre CO2 enn om eg hadde fått ein unge», seier ho plutseleg. «Ti tusen tonn CO2. Det er same vekta som Eiffel-tårnet har. Eg ville føde eit Eiffel-tårn.»


«Pusterom» av Duncan Macmillan er ei kjærleikshistorie i vår tid.

Kjærasteparet klamrar seg til kvarandre i ei verd som prøver å rive dei sunde. Skal dei sette barn til verda, slik den ser ut i dag?

— «Pusterom» tematiserer klimakrisa, men tar tak i den på uventa måtar. Her er det ingen peikefinger mot publikum, men høgst gjenkjenneleg pardynamikk. I ein serie scener er alt strippa ned, heilt inn på forholdet mellom dei to, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Det spesielle med Duncan Macmillan sitt manus - i tillegg til å vere ekte, truverdig, morosamt og rørande - er at det også stiller krav til lågt karbonfotavtrykk.

Scenograf og kostymedesignar Silje Sandodden Kise og teknikarane på teateret har laga ein scenografi som går hand i hand med tematikken: Ein skulptur av kasserte møblar, produsert med så lågt karbonavtrykk som mogleg.

Skodespelarane står i ein slags søppelhaug av ting, som dei har akkumulert i løpet av livet og ikkje kjem seg ut av, og publikum kjem tett på.

— Vi zoomar inn på den vesle planeten vår og akkurat desse to personane. Stykket set lys på korleis vi menneske reagerer på klimakrisa, og korleis den kan påverke oss, seier teatersjefen.

Jeff Pedersen har regi, og han har hatt lyst til å sette opp stykket heilt sidan han las manuset første gong.

— «Pusterom» er kvardagsleg og gjenkjenneleg, og difor kan det ta litt tid før ein ser kor vakkert det er og kor djupt det stikk. Poesien kjem krypande, seier Jeff Pedersen og held fram:

— Macmillan har kutta vekk kvart einaste sekund dei ikkje er saman. Tida frå kvarandre speler inga rolle, og det understrekar at dei betyr alt for kvarandre.

«Pusterom» har premiere i Nynorskhuset i Førde 30. august og skal på turné til grendehus i heile Vestland. Dette er eit stykke du vil få med deg viss du ønsker ei leikegrind for tankane dine.

KUNSTNARLEG LAG

Av Duncan Macmillan
Omsett av Terje Lyngstad
Regissør Jeff Pedersen
Scenograf og kostymedesignar Silje Sandodden Kise
Lysdesignar Silje Grimstad
Koreograf Gareth Taylor
Medverkande Harald Ottesen Nødtvedt og Carina Furseth
Forlag Colombine

 
Heidi Hattestein