PODKAST: Ei kjærleikshistorie i klimakrise

 

Tenk deg at du observerte dei første minutta etter at Titanic gjekk ned. Kor inderleg klemmer ikkje eit kjærastepar kvarandre i ein slik situasjon? Det er denne nærheita regissør Jeff Pedersen ønsker å få fram i «Pusterom» av Duncan Macmillan.

Klimakrisa legg ytre press på kjærleiken mellom dei to på scena i eit konsentrert kammerspel, der publikum kjem tett på. Høyr regissøren i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Podkasten vår har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Du kan høyre podkasten på Spotify også.

 
Heidi Hattestein